Før festivalen

Share
Foto frå Wikimedia Commons
Foto frå Wikimedia Commons

Til helga er det Setesdalsfestivalen, det som før heitte Setesdalskappleiken, men som på grunn av at  støtteordningar er betre for festivalar enn for kappleikar har fått nytt namn, sjølv om innhaldet er det same. Eg har laga ein artikkel om Setesdalsfestivalen 2016 på Setesdalswiki, der kan du sjå det rike programmet som er sett opp i år.

Men eg vil rette blikket mot konserten i Valle kyrkje onsdagskvelden, for den kan lett opplevast i same sjangeren som mykje av programmet på kappleiken, som vert avslutta i Hylestad kyrkje med musikk frå 1700-talet der ein skal sjå linjer mellom klassisk musikk og folkemusikk.

Onsdagskvelden i Valle kyrkje er det musikk av komponistar frå Sørlandet som står i fokus, og både Eilert Hægeland og Sverre Eftestøl er komponistar med mykje folkemusikk i musikken sin.

Nina Irslinger skal spele Sordølen – folketonefantasi for piano av Eilert Hægeland. Den har eg spelt i Valle Radio mange gonger frå plata Hrynhent med Øystein Kikut og Bjørgulv Straume. Det er eit av dei flottaste stykke eg kjenner i den sjangeren, og eg skulle svært gjerne vore i Valle kyrkje onsdagskvelden og høyrt Nina spele dette stykket. På plata Hrynhendt er det gjort eit arrangement slik at Bjørgulv også spelar munnharpe, så har du plata, bør du førebu deg ved å høyre det stykket.

Denne kvelden er det også ei rekke andre folketonebaserte komposisjonar, lokkar og bruremarsjar, noko med og noko utan klarinett. Komponistane er Eilert Hægeland, Rolf Løvland, Sverre Eftestøl, Rainer Irslinger og Reidar Sløgedal. Lukke til med konserten, Nina Irslinger og Ragnhild Paulsen.

Sommerkonsert

onsdag 3. august 2016 kl. 19.30

Nina Irslinger, orgel/piano, Ragnhild Paulsen, klarinett (* = klarinett er med)

Musikk av komponister fra Sørlandet

Eilert Hægeland (1951 – 2004) Evje, Aust-Agder

— Bruremarsj frå Evje

— Lokketonar *

— Bruremarsj frå Åseral

— Bruremarsj frå Os *

— Sordølen (folketonefantasti for piano, opus 30 nr. 3))

Rolf Løvland (født 1955) Kristiansand, Vest-Agder

musikk fra gruppen Secret Garden:

— Celebration *

— Reflection *

— Heartstrings

— Illumination *

— Evensong *

Sverre Eftestøl (født 1952) Kvinesdal, Vest-Agder

— Dance to your Daddy

— Kvinlogslagjet etter Trygve M. Eftestøl

— Trippar etter Lars Mjåland

Rainer Irslinger (født 1953) Evje/Otta

— «Fools» fra Suite, Feelings n *

Reidar Sløgedal (1963) Birkeland, Aust-Agder

— Toccata

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *