Gode tankar i natta

Share

Når ein har lagt seg er det ofte at dei gode tankane kjem svivande om kva ein kan gjere eller kva ein kunne ha gjort. Ei stund hadde eg penn og papir ved sida av senga for å kunne skrive ned dei gode tankane, men alt for ofte sviv dei vekk i løpet av natta og så er dei borte neste dag.

Men i går minna eg meg sjølv om å ringe til banken for å få stoppa trekk på husleie i Valle. Der møtte eg trivelege Ingunn og fekk ein hyggeleg prat på morgonkvisten. Å vere kunde i ein bank der ein er kjent er noko anna enn å ha ein kundekontakt ein aldri har møtt.

Men ein kundekontakt ein aldri har møtt kan og vere hyggeleg å møte. Øystein har eit fast uttrykk når han har fått hjelp av ein slik kundekontakt, som oftast er det ei kvinne. Ho var veldig fin, seier han, sjølv om vi ikkje har videotelefon til vanlege samtalar enno.

Videotelefon er forresten veldig fint når ein skal ha ein prat med barnebarn. Då kan dei vise leiker og byggverk på ein heilt annan måte enn det vi kunne tidlegare, så Skype er eit fint alternativ i slike situasjonar. Men i praksis tyr vi helst til telefon utan bilete i andre samanhengar.

Så låg eg der i natta og funderte på om det ikkje var eit system eg kunne nytte for å finne bilete og kunne bruke på Setesdalswiki når eg skreiv artiklar om folk basert på stoff frå Setesdølen. I avisa har dei sagt at eg må bare seie i frå, så kan dei sende bilete, men i praksis vert det ikkje til at eg gjer det.

Men i natt såg eg lyset. Eg kunne jo bare gå på nettet med problemet mitt, så ville eg sikkert finne ei løysing. I dag gjorde eg det, og det tok ikkje lang tid før eg fann eit program som kunne klyppe ut bilete frå framsida på Setesdølen. -Det må eg prøve, tenkte eg, lasta opp framsida på avisa for 19. august, og etter litt prøving og feiling kunne eg klyppe ut Einar Bygland frå avisa og legge inn i artikkelen eg hadde laga om han, basert på intervjuet Sigurd Haugsgjerd hadde. Artikkelen på Setesdalswiki var kort, for leksikonstoff er ikkje det same som portrettintervju. Så den som vil lese intervjuet, må gå i avisa, den som vil vite kva årstal han er fødd og kva han har arbeidd med, vil kunne få litt peiling i Setesdalswiki. Og her er biletet eg klypte ut:

Einar Bygland. Foto: Sigurd Haugsgjerd
Einar Bygland. Foto: Sigurd Haugsgjerd

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *