Landeskogens kafé

Share
Eg måtte ta eit bilete av den gode maten på Landeskogen.
Eg måtte ta eit bilete av den gode maten på Landeskogen: Himalaya kyllingrett og vaniljepudding med friske blåbær.

Kafeen på Landeskogen var fullsett då vi kom dit sundag etter den flotte konserten i Hylestad kyrkje. Vekslande ver og stor trafikk nedetter Setesdal gjorde at vi tok ein pause på turen, så klokka var nærare 15.30, og då var det fullt av bilar utanfor.

Inne i kafeen var det også fullt, og i kassen stod sjølvaste sjefen, Helga Arntzen og tok imot bestillingane. Vi valde Himalaya kyllingrett og vaniljepudding med friske blåbær. Sjølv om kafeen var full, fann vi plass i eit siderom og maten kom etter kort tid. Vi hadde alt rukke å prøvesmake på vaniljepuddingen med blåbæra, den var så god at vi lurte på om vi skulle ha den til forrett, og så kjøpe ein til og ha til dessert. Men vi tok til vitet, dessert er dessert.

Etter måltidet tok vi ein runde i utstillingane. Eg var jo på 100-årsjubileet, men tok meg ikkje tid til å sjå utstillingane då, og dermed var det nye utstillingar sidan sist eg var på Landeskogen. Helga har som mål å fylle alle hundre roma med hundre utstillingar, men ting tek tid, så ho har vel 94 rom att å fylle. Eg skal kome tilbake til utstillingane, dei fortener eigne bloggomtalar.

På veg ut slo vi av ein prat med Helga. Ho hadde kome frå Risør fredag og hatt vakt på Revsnes Hotell i helga. Sundag var det fullsett på buffeten der, men det var første gong i sommar at det var fullsett i kafeen på Landeskogen, sjølvsagt med unntak av jubileet, då. Det hadde vore så lite folk at dei hadde vurdert å stenge, men dei heldt no ope og plutseleg var folka der denne dagen. Dei stenger klokka 17, deretter skulle Helga tilbake til Risør, ho hadde fått ny bil for ein snau månad sidan, men hadde alt kjørt 8000 km.

Ho gledde seg over at dei hadde fått ferdig utsiktsterrassen. På solrike dagar var det rein nyting å kunne sitje der. I går var det regnbyger, så sjølv om det turka litt mellom bygene, må vi nok vente til seinare med å prøvesitje stolane der.

Ta turen til Landeskogen og lat deg inspirere til fredsarbeid og gode gjerningar, også om du ikkje er så heldig at du treffer Helga. Maten er rimeleg og god, mat for tanken får du også, og om du vil helse på elgar, er det bare ein tur over tunet, så får du det også. Leiv Rygg har lova at Bygland kommune som jubileumsgåve skal utbetre vegen opp til Landeskogen, og det kan trengjast, men han er overkommeleg, og vel oppe gløymer ein slike små detaljar. Helgas innsats er eit førebilete for alle.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *