
Setesdalswiki veks og runda eit nytt hundretal i går. Sidan nyttår har vi auka med over 1000 artiklar. Når eg no er blitt pensjonist, gleder eg meg til å få betre tid til skrivinga.
Når ein skriv ein wiki, blir det fort at ein skriv om litt av kvart. Ettersom Setesdalswiki i stor grad baserer seg på informasjon frå Setesdølen, vil det også bli eit stort mangfald. Det som i utgangspunktet skulle vere eit leksikon der næringslivet kunne få vite om andre aktørar, har blitt eit altomfattande leksikon med relasjon til dei indre bygder i Agder. Setesdølen og Valle Radio har vore viktige leverandørar av tema for det vi skriv om.
Det er ei glede å kunne presentere nokre av artiklane her. Vi har fått til eit samarbeid med Setesdølen slik at vi får ta listene frå omsetning av eigedomar månad for månad. No ligg alle listene frå juli i Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Bykle, Valle og Åseral ute. Du kan altså få sjekke ein gong til om du ikkje hadde tid til å lese gjennom lista då ho stod i avisa.
Her er artiklar eg skreiv i dag:
- 28. aug. 2016 kl. 23:47 Randulf Saunes (hist) [887 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Randulf Saunes)
- 28. aug. 2016 kl. 23:31 Eigedomsovergangar i Valle i juli 2016 (hist) [981 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag |blokker) (Valle i juli 2016)
- 28. aug. 2016 kl. 23:27 Eigedomsovergangar i Evje og Hornnes i juli 2016 (hist) [1 848 byte] Harald Haugland(diskusjon | bidrag | blokker) (Evje og Hornnes i juli 2016)
- 28. aug. 2016 kl. 23:02 Eigedomsovergangar i Iveland i juli 2016 (hist) [1 874 byte] Harald Haugland (diskusjon |bidrag | blokker) (Iveland i juli 2016)
- 28. aug. 2016 kl. 22:54 Eigedomsovergangar i Bykle i juli 2016 (hist) [2 412 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag |blokker) (Bykle i juli 2016)
- 28. aug. 2016 kl. 22:45 Eigedomsovergangar i Bygland juli 2016 (hist) [722 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag |blokker) (Bygland juli 2016)
- 28. aug. 2016 kl. 22:40 Eigedomsovergangar i Åseral juli 2016 (hist) [1 511 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag |blokker) (Åseral juli 2016)
- 28. aug. 2016 kl. 22:13 Tytebærfestivalen (hist) [992 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker)(Tyttebærfestivalen)
- 28. aug. 2016 kl. 21:38 Margit Sordal Kjebekk (hist) [383 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Magit Sordal Kjebekk)
- 28. aug. 2016 kl. 21:24 1. februar 2017 (hist) [297 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (1. februar 2017)
- 28. aug. 2016 kl. 11:02 Lisen Juvastøl (hist) [942 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Lisen Juvastøl)
- 28. aug. 2016 kl. 10:31 1. klasse på Valle skule 2016 (hist) [418 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker)(1. klasse på Valle skule 2016)
- 28. aug. 2016 kl. 10:22 Bjarne Stubseid (hist) [2 622 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag | blokker) (Bjarne Stubseid)
- 28. aug. 2016 kl. 09:58 Framhaldsskulen 1951-52 i Grendi (hist) [726 byte] Harald Haugland (diskusjon | bidrag |blokker) (framhaldskulen)