Mormor danset i regnet

Share

Mormor danset i regnet

Dette er tittelen på ein roman av Trude Teige. Han kom i Bokklubben i august, men eg avbestilte boka. I staden fann eg henne som e-bok på biblioteket.

Det fine med e-bøker frå biblioteket er at dei leverer seg inn sjølv etter tre veker. Det fine med bibliotekbøker er at dei ikkje fyller opp bokhylla, som jo er alt for full frå før.

Eg kjem ikkje til å skrive på bloggen om alle bøker eg les, men denne boka gjorde inntrykk, så eg vil gjerne anbefale den til deg som les bloggen, anten i den eine eller andre forma.

Boka handla om ei norsk kvinne som vart forelska i ein tysk soldat under 2. verdskrigen. Ho valde å fylgje han til Tyskland då krigen slutta og dei tyske soldatane vart sende tilbake. Han kom frå aust i Tyskland, der hadde russiske soldatar teke heimen hans.

Etter mange vanskelege dagar i Tyskland kom ho tilbake til Norge go vart gift. Det er barnebarnet hennar som leitar fram historia til bestemora etter at både mora og bestemora er død. Dermed syner forfattaren at hendingar som ligg langt tilbake i tid, kan vere aktuelle for folk som lever i våre dagar.

Ein roman er fiksjon, men Trude Teige har gjort grundig research og har leita fram hendingar som få kjende til og teke dei med i boka. Difor vert det ei ekstra interessant forteljing. Eg fortalde tidlegare om boka av Isabel Allende som også handla om lite kjende hendingar under 2. verdenskrigen. Ho skreiv om korleis japanske immigrantar vart internerte i USA sine konsentrasjonsleiarar. Det er interessant å få slike tidsbilete frå hendingar som har prega vår kultur sidan krigen slutta. Vi trudde kanskje vi var ferdige med desse, men bøkene viser at mange ber på konsekvensane av handlingar i den tida også etter at dei som opplevde det, er døde.

Samstundes viser det at ein kan overleve situasjonar som vi knapt kan forestille oss. Dessverre er det aktuelt også i vår tid. I mange år framover vil verda vere prega av krigen i Syria og Europa arbeide med å integrere flyktningar som kjem til Europa. Det gjeld ikkje bare Italia og Hellas, men dei fleste europeiske landa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *