På sangkveld på Ose

Share
Oddvar med musikarar på scenen på Ose grendehus. Foto: Harald Haugland
Oddvar med musikarar på scenen på Ose grendehus. Foto: Harald Haugland

Eg skreiv om arrangementet Kan du songen? med Oddvar Høgevoll på Setesdalswiki. Det starta med sangkveld på Ose grendehus i kveld. I morgon skal eg til Ålgård i 90-årsdag, og så tenkte eg at eg kunne legge vegen om Ose, sove i Valle og kjøre over heia til Ålgård i morgon.

Vi valde å dra i god tid og fekk ein fin stopp på Pernille der vi kunne få oss middag. Lunsjbuffeten deira er rikhaldig, ingen treng å gå svoltne derifrå. Vi møtte også Gunnar Vollen, tidlegare lærar på Bygland og kona, som var arbeidskollega med Reidun då ho jobba på Mandal sykehjem. Hyggeleg å slå av ein prat med folk ein ikkje har sett på ei stund.

Vel framme på Ose rigga eg opp datamaskina og vona å få skrive noko om dei som Oddvar hadde fått med seg i bandet denne kvelden. Men dei var så fokuserte på det dei skulle gjere i kveld, at det var ikkje råd. Etter at dei hadde øvd, var det bare ein kort pause før møtet begynte.

Men hyggelege folk sette seg ned ved bordet eg sat og snart var vi i prat, og då fekk eg eit par artiklar likevel. Ikkje så store, men gode nok. Det er ikkje alltid så mykje som skal til for å lage ein artikkel. Fleire av dei eg møtte hadde høyrt meg på Valle Radio, og det er alltid gildt å få høyre at nokon høyrer på programma våre.

I begynnelsen av sangkvelden skreiv eg eit par notatar på Facebook om programmet. Dei tek eg med her:

Starta presis med vel 50 i salen. Jesus er livet for meg var første sangen på denn Kan du songen?-helga. Deretter Den fyrste song. Deretter kom kjenningsmelodien Hele himmelen er åpen over meg. Så overtok Kåre Sandaker mikrofonen. Den første fekk eg ikkje tittelen på, men den andre var Syng en hallelujasang. Så kom Vi sitter med sorg og med smerte og En kvinne fra Samarias land

Så overtok Oddvar att med sin eigen hallelujasang: Jesus du er all min sang før Gladsang frå Vegårshei kom på scenen. En bitte liten klode var første sang. Så kom Det enda jag vet og Ved den blå gallileiske sjø. Deretter ble vi minnet om Js 43,25 før de sang Du mor som ber

Deretter vart det ikkje meir oppdatering på Facebook. Men eg vart imponert over gruppa frå Vegårshei, dei song med glød og engasjement, og det gjorde også Kåre Sandaker. Seinare i møtet kom han tilbake og song mellom anna om Den himmelske losen, det var flott å høyre på. Oddvar intervjua også Øyvind Benestad, han skal tale i morgon klokka 10 om «Kampen for ekteskapet og barnet i en kjønnsnøytral tid».

Klokka var mest 22 då kvelden var slutt og vi sette oss i bilen og tok resten av turen til Valle.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *