Salmer i NRK

Share
Henta frå Wikimedia Commons
Pingstkyrkan Umeå der Hela kyrkan sjunger vart spelt inn. Henta frå Wikimedia Commons

Sundagskveldane når eg kjører oppover frå Mandal, pleier eg å gle meg til klokka 22.05, for då startar Salmer til alle tider på P1. Etter at Helge Gudmundsen slutta har det blitt slik at den nye programleiaren har med seg ein gjest som han snakkar med om tru og om salmer, og då får vi ofte fine program av det.

Men i kveld var det sommerhits på P1 og jazz på p2. Eg har ikkje DAB i bilen, men då eg klaga til Reidun heime, fortalde ho at det var Radioteatret på P1+. Det hadde vore salmer klokka 20, men det er på +, så i bilen går eg glipp av dei.

Sist veke koste eg meg med gjenhør av Salmeboka minutt for minutt. Og eg veit at svært mange vil høyre salmeprogramma i P1 klokka 22,05 på sundagskveldane. Det veit sikkert NRK også, men det er nok bare dei som veit kvifor også den sendeflata skal dekkast med popmusikk. Kanskje dei skuldar på sommaren.

Då kunne dei gjere som Svensk TV2. Dei pleier ha ein times gudsteneste klokka 10.05 sundagsmorgonen, men om sommaren har ein det som eg vil kalle ein musikkandakt, ein halv time kristent temaprogram. Deretter får vi gjenhøyr med Hela kyrkan sjunger, det svært populære programmet frå Pingstkyrkan i Umea med Margit Borgstrøm som gjekk i mange år frå tidleg på 1970-talet. I dag var det gjenhøyr frå 1974 og i fekk høyre Må din vei komme deg i møte, Dine hender er fulle av blomster, Jesus er vägen, sanningen och livet, Så som Han har älskat och gitt av sin kärlek, Nu Herren dig bjuder, Himmelriket iblant oss är og fleire andre i eit flott halvties sangprogram.

Det er ikkje bare Kygo og sommerhits NRK sine lyttarar vil høyre på. Gode program med kristen musikk er populære og bør ha sin faste plass på sendeplanen. Når Valle Radio sender kristne sangprogram, får vi tilbakemeldingar frå lyttarar som er svært takksame, så det vil vi halde fram med. Sist tysdag hadde Siri ansvaret for Sangtimen, komande tysdag skal eg velje sangar att.

 

Rekordfestivalen 2016

Share
Slik drøymer ein om at Hartevatn skal sjå ut under Rekordfestivalen
Slik drøymer ein om at Hartevatn skal sjå ut under Rekordfestivalen

Når eg skriv dette er Rekordfestivalen 2016 nesten over. Eg hadde med meg Ingvild Hovden i den aktuelle timen tysdagskvelden og ho fortalde om alt dei skulle ha på festivalen og om arbeidet som ligg bak. Eg undra meg over at ein klarte å halde hovudet over vatnet økonomisk, i år var målet 900 deltakarar, men ho fortalde at god støtte frå næringsliv og kommune gjorde at dei kunne ha ein liten festival. Alt skjer ute, og så høgt til fjells kan det bli ganske kjølig om kveldane, men folk som kjem på rekordfestivalen kler seg etter veret, sa ho.

Ingvild Hovden fortalde og kvifor dei har sine spesielle skinnsofaer på festivalen. Då dei starta opp, fekk dei overta sofaer frå internatet på Hovden VGS, dei bytta inventar det året. Dette vart så populært at dei har drassa på dei tunge sofaene kvart år sidan, dei set dei på lager om vinteren.

Ettersom Hovden er eit turmål, legg dei opp til ein fjelltur laurdagen, så i dag har folk vore på tur. Ingvild Hovden fortalde at turfolket ville få ei oerrasking eller fleire på turen, det kom til å bli minikonserar på fjellet, men ho ville ikkje fortelje kven som skulle ha dei konsertane, bare at Sigrid Kjetilsdotter Jore, som eg hadde prata med før Ingvild kom på lufta, hadde vore ein slik artist i fjor.

I går kveld deltok Fjellfolk, Marit Larsen og Odd Nordstoga. I kveld starta det med Mürtebandet, det er dei frivillige som skipar dette bandet. dei frivillige vert kalla mürtarar på Rekordfestivalen. Deretter kom Hovedøens Social Club, MK´s Marvellous Medicine, Steve´n´Seagulls og Mariann Rosa.

Eg har hatt ein liten ambisjon om å skrive om band og musikarar som spelar i Setesdal på Setesdalswiki, men det er ikkje lett å rekke over alt ein kunne tenkt seg å skrive om, så det har eg ikkje fått gjort. Når du ser på artikkelen om Rekordfestivalen 2016, er det mange røde lenker. Ofte føler eg at for kvar artikkel som vert oppretta, blir det fleire røde lenker, ikkje færre. Men Setesdalswiki veks, så etter kvart vil nok ein del røde lenker bli blå.

Eg tenkjer at Ingvild Hovden pustar letta ut når festivalen er over. Takk for at du var med i Valle Radio tysdagskvelden.

Meir bursdagsfeiring

Share

Ettersom eg var i Valle på sjølve dagen, kunne eg ha feiring ein dag ekstra. Då eg kom heim til Mandal i kveld, var det først kokt makrell med agurksalat og rømme. Reidun hadde vore på fisketur med Jean og Kåre, naboane våre, ein av desse flotte seinsommardagane, og då hadde ho fått makrell.

Deretter kunne vi vente på på Jorunn og Ole Thorvald Moen frå Lyngdal og Unni og Harald Holmboe frå Mandal, og så vart det kaffi og bløtkake. Kanskje det var 69 bær på toppen, eg talde ikkje, men flott var kaka og god var ho også. Praten gjekk lett rundt bordet utover kvelden, så det vart ei hyggeleg samkome.

I løpet av dagen har det runne inn helsingar på etterskot også. Eg skal ikkje nemne alle dei, men det var hyggeleg å sjå at så mange likte bloggen med alle namna eg skreiv i går, Facebook seier at om eg betalar 24 kroner, kan den bloggposten nå 680 fleire lesarar, men eg droppar det.

Tusen takk for alle gåver, blomar, konfekt, og harde pakkar. Det er ikkje vanskeleg å fylle 69. Her er eit bilete frå kaffebordet i kveld. Sjølvsagt var eg for sein til å ta bilete, så kaka var på det næraste oppeten, men Harald, Ole Thorvald og Jorunn sine smil kan eg dele med dykk som les dette.

Gode vener på Eskeland.
Gode vener på Eskeland.

 

Takk

Share

Når 69-årsdagen min går mot slutten, sit eg her og er takksam for alle helsingar og gratulasjonar eg har fått denne dagen. Det tok til like etter midnatt, då var det nokre natteravnar som gratulerte på Facebook: Bernard Emmelkamp, Siri Johannessen, Ester Solvik, Ingebjørg Ellinor Rysstad og Ingebjørg Helle Kjelleberg. Medan eg sov kom det helsing frå Tormod Brokke i Thailand.

Så vakna eg opp til ein ny dag. Reidun pleier å ringe meg om morgonen, det gjorde ho i dag også, men ho hugsa ikkje at det var bursdag i dag, så gratulasjon frå henne kom då vi snakka saman no i kveld. Det blir nok litt kake når eg kjem til Mandal fredagskvelden.

Det var første skuledagen på Valle Vaksenopplæring etter ferien, og eg kom på skulen og møtte elevane. Då gjekk Øystein til pianoet og så song dei Gratulerer med dagen til meg. Det var Abdullatif og Fatima, Imad og Mays, Ghasan og Abeer, Abdulkader, Tsegabirhan, Merawi, Tesfahans og Girmai og læraren Andreas som skal overta etter meg. Sidan fekk eg gratulasjonar frå Amparo og Jucy, Mohammad og Marwa.

På Facebook kom gratulasjonar i stor mengd. Erna Warnders, Tor Kåre Kalvik, Gunnbjørg Sola, Jorunn Lund Harstad, Ingeborg Åkre Løyland, Younus Nejati, Gudrun Torill Rysstad, Anne Lise Limann, Valborg Nomeland, Sigurd Løyland, Astri Riseng Høgevoll, Connie Barthold, Torill Tveiten Lien, Olav Riisland var tidlig ute med helsingar, så dei fanga eg opp i første pausen på skulen.

Det var ein historisk dag på Valle Vaksenopplæring i dag, for no startar vi ein klasse som skal ta grunnskulefag. Det er elevar som ikkje har fått med seg vitnemål frå heimlandet då dei flykta. For at dei skal kunne ta utdanning i Norge, må dei få seg eit grunnskulepapir. Så i år skal ein klasse han norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Andreas Veiersted skal vere læraren deira det meste av tida, så han starta med å gå gjennom opplegget og å kartlegge situasjonen. Eg var flue på veggen og gledde meg over kontakten han hadde med elevane og responsen deiar. Difor fekk eg ikkje så mykje tid til å fylgje med på helsingane som kom.

Men ut over formiddagen fekk eg helsingar frå Terje Ørjansen, Oddmund Harsvik, Aase og Gunnar Holen, Ørnulf Hasla, Åse og Kjetil Rike, Sanny Hammervold, Bjørnar Støle, Hilde Smith, Ingrid Catharina Geuens, Else-Marie Lunden, John Arne Bjørnarøy, Pål Dale, Torfinn Brokke, Karsten Hogstad, Helene Horverak, Tatjana Dubrovna, Svenn Magne Brokke, Linda Rabbe Haugen, Angerd Gjerden, Liv Ingrid Risdal, Mardy Run, Frode Inge Helland, Tore Askildsen og Solfrid Egeland.

Deretter kom det helsing frå Inger Lise MacDonald, Ove Kjetså, Asbjørn Kvalbein, Børre Lohne, Svein Askheim, Chris Nyborg, Odd Håvard Dahle, Oddvar Høgevoll, Stein Haugland, Torunn Charlotte Nyberg, Lisbet Homme, Tron Støle, Anne Helle Hagen, ivar Brekken, Olav Holten, Signe Rysstad, Kjetil Homme, Marianne Brenna Homme, Ivar John Salvesen, Einar Lohne, Jonny Bergstad, Wenche Rønning, Elin Zernichow Monsen, Alfred Georg Klausen og Jürgita Caraite.

Det kom også helsing frå Torhild Brokke, Pieter Leebeek, Bjørn Øfstaas, Øyvind Jacob, Toril Dale, Frøydis og Ole Jakob Stensrud, Kjell Øvereng, Maher Haji, Knut På Bø, Olav K. Hovet, Tallak Hoslemo, Arne Frivoll, Flavia Johnson, Gerd Brottveit, Torhild Aamlid, Hermund Haugland, Anne Karin Blix Grimestad, Marie-Lovise Jonsen, Tracy Lun og Htoo Thaw David, Grete Tveiterås, Kjersti Torbjørnsen, Lisbeth Skranes, Erik Berglihn, Gunanr Tveiten, Tom og Ane Solvik Grydeland, Jon Rolf Næss, Torhill Bjørgum Åkre, Svein Harberg, Inga Flateland, Kristoffer Eskeland, Arild Aabø, Jorunn Margrete Moen, Jorunn Lund Tveit, Helge Homme, Vanthawng Hnin, Jan Barø, Gunn Randi Leite, Jan Helge Skaar, Camilla Gangdal og Johs. Bjørkeli,

Så slo Britta Lise Homme til med ei lenke frå Setesdalswiki, slik eg pleier å gjere av og til, med artikkel om den som fyller år. Deretter kom Karl Laurits Olsen, Berit Follerås, Bjørgulv Sverdrup Lund, Ånund K. Homme, Leif Berge, Ann Cecilie og Arne Attestog, Bo Muangthong, Sissel Halvorsen, Thor Åmli, Terry Hanisch Gorski, Roger Aune, Rett Kurs, Hallvard Tveit Berg, Oddny Marie Bentzen, Pashko Marku, Rita Flottorp, Astrid Kyte, Henri Tore Viki, Anne Amdal, Ingvar Nes, Sigurd Brokke, Frantz A. Nilsen, Anders Eskeland, Grethe Sola Jonassen, Ester B, Nilsen, Margaret Standal Volle Haugland, Kristin Eskeland, Lasse Eidskrem, Gunvor og Ingvar Frøyland, Malmfrid Nyborg Homme, Unni og Harald Holmboe, Solfrid Bordvik, Karin Bøe, Karma Phüntsok Thargyal, Bjørgulv Viki, Lisbeth Dalquist Homme, Lisa Bienemann, Vidar Lunden, Lasse Stray, Øyvind Lien, Margunn Sofie Hetland, Mugapo Kinny, Snorre H. Bakken, Nowbow Nya, Lucinda Leebeek ten Napel, Inger P. Rysstad, Leonhard Jansen, Ståle Lindblad, Else Gyro Rysstad og Sissa Ringstad.

Saman med elevar og lærarar feira eg dagen på Bergtun. Der hadde vi hyggeleg avslutning av første skuledagen med å bruke norsk i praksis rundt borda og til å bestille det vi ville kose oss med. Deretter tok eg meg ein middagslur, det varme veret slår meg litt ut. Så sette eg meg etter kvart til datamaskinen for å lese helsingar, og då slo det meg at eg ville takke ved å nemne folk på bloggen i kveld. Det vart ei lang liste, over 150 namn, og då har eg ikkje teke med telefonar og sms-helsingar. Ein 69-åring er overvelda og takksam når han no tek kvelden.

Crown him

Share
Komponisten George J. Elvey skreiv melodien til Kron ham Guds offerlam
Komponisten George J. Elvey skreiv melodien til Kron ham Guds offerlam

I sangtimen i går kveld hadde Siri funne fram den engelske sangen «Crown Him with many crowns». Ho undra på om den hadde norsk tekst, og eg sa at eg kjente ikkje den sangen på norsk.

Då ho kom heim, tok ho til å rote på nettet, og gjennom nettstaden nb.no, der ein kan slå opp i bøker i Nasjonsalbiblioteket, fann ho Lundes sang og salmeleksikon. Der står det at sangen står i Sangboken på nr. 98 og heiter Kron ham Guds offerlam, omsett til norsk i 1913 av Vigleik E. Bøe. I norsk versjon har han fire vers.

Salma vart skriven i 1851 av Matthew Bridges. Han var fødd i Essex1800 og døydde i 1896 i Canada. Han vaks opp i Church of England, men konverterte til Den katolske kyrkja. Omsetjaren Vigleik E. Bøe (1870-1961) var norsk-amerikansk prest fødd i Odda og ein av dei som gav ut Concordia.

Hymnary.org har mykje informasjon om både forfattar, komponisten George J. Elvey (1816-1893) og salma. Der finn du og noter i fleire versjonar.

Om Siri klarar å finne ein norsk versjon av sangen, vil du få høyre den i Valle Radio neste tysdag.

Alle går på biblioteket

Share
Kaja Tho plukka molter og snakka i Valle Radio i kveld. Foto: Christoph Müller/ Wikimedia Commons
Kaja Tho plukka molter og snakka i Valle Radio i kveld. Foto: Christoph Müller/ Wikimedia Commons

I Bykle går alle på biblioteket annankvar veke. Det har ført kommunen til topps på statistikken over bibliotekbesøk pr. innbyggjar. 25 besøk pr. byklar i 2015, det gir besøk annankvar veke i gjennomsnitt.

I kveld hadde eg med Kaja Kristin Tho, biblioteksjefen i Bykle på telefonen for å fortelje om dette, ho kom til Bykle i 2007 og fekk seg arbeid på kulturhuset. Så tok ho sjukepleiarutdanning, men fekk også med seg nok studiepoeng i bibliotekfag til å få jobben i Bykle i 2013. Kommunen har biblioteka sine i grendehusa, dei er kombinasjonsbibliotek, så skuleelevar er tungt inne i dei tala, for dei går jo ofte på biblioteket. Men begge biblioteka ligg i avstand frå skulane, så elevane må ut når dei skal på biblioteket.

Ettersom avdelingane ligg i kulturhus, er det mykje folk i biblioteket sitt nærområde, og når ein har gode opningstider, på Hovden er biblioteket ope frå klokka 8 til 22 dei fleste dagane i veka, blir det mykje besøk.

I sommar hadde dei lesekonkurranse, 50 barn deltok, dei skulle lese 5 bøker kvar for å få invitasjon til festen, men mange las veldig mange bøker. Det gjekk sport i det, her talde både tynne og tjukke bøker. I september skal det vere fest for alle som klarte kravet.

Kaja tok ein pause i molteplukkinga for å vere med i Valle Radio. Ho er også aktiv i husflidslaget og fortalde at dei skal ha kurs i plantefarging med Karin Bøe i haust, og då treng dei store jerngryter som seinare ikkje kan brukast til mat.

Vi startar att

Share
Brurehesten cover
Sigrid Kjetilsdotter Jore skal fortelje om plateprosjektet sitt i Valle Radio i morgon, tysdag 16. august 2016

I morgon startar Valle Radio att. Eg sende dette programmet til avisa:

Tysdag 16. august
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time. Sigrid K. Jore fortel om Brurehesten. Andre gjester blir også med
19.30 Sangkveld og litt til
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken
Så tenkte eg at ettersom det er første sendinga i haust, kunne vi kanskje ha ein liten notis også. Difor skreiv eg dette og sende til redaktøren:
Valle Radio startar att
Valle Radio startar opp att etter ferien i dag tysdag 16. august. Programansvarleg Harald Haugland seier til Setesdølen at Siri Johannessen, som har vore teknikar for han, vil ta over programansvar når han no blir pensjonist og flytter til Mandal. Men han har ansvar denne kvelden og vil lage ein aktuell time der han snakkar med folk om mange av dei aktivitetane som har vore i Setesdal i sommar. Ei av dei han tar ein prat med er Sigrid Kjetilsdotter Jore som både vann open klasse på Landskappleiken med gruppa Raabygg og gav ut plate i sommar.
-Eg minner og om at Valle Radio treng både teknikar og programleiar til onsdagsprogramma. Om nokon har lyst til å bli med og lage radio, er dei svært velkomne, seier Harald Haugland.

Festivalar og slikt

Share
Frå Jordbærfestivalen 2016. Foto: Geir Daasvatn
Frå Jordbærfestivalen 2016. Foto: Geir Daasvatn

Sist helg var det Setesdalsfestivalen, helga før var det 100-årsjubileum for Landeskogen, det har vore Countryfestival, jordbærfestival, blueslaurdag, matmarknad og Kan du songen, KVS Bibelcamping og Bibelcamping på Evjetun og andre stevner. Denne helga var det Naturligvis – landbruksmessa og Tidløs i gruva.  Det har vore ein aktiv sommar i Setesdal, og då har eg ikkje nemnt idrettsarrangement.

Komande veke er det skulestart, då vert det nok litt rolegare når det gjeld arrangement, men Rekordfestivalen og Kulturveka er ikkje så langt borte.

Det er ikkje Valle Radio som trekkjer folk til alle desse arrangementa, for radioen har hatt sommarferie. Men tysdag 16. autust startar vi att, og om det høver slik, vil vi snakke litt med folk om arrangement som har vore. Om du les dette og har lyst til å fortelje om eit arrangement du var med på, ta kontakt med meg, så gjer vi ein avtale og slik får vi starte med eit aktuelt tilbakeblikk på noko av alt som har skjedd i Setesdal i sommar.

Ein tom stol

Share
Foto: Ørnulf Hasla
Foto: Ørnulf Hasla

Det er ein tom stol i Valle Radio som treng ein ny person. Radioen treng programleiar til onsdagsprogramma. Onsdagane sender Valle Radio frå klokka 19 til klokka 22.30 eller litt lenger.

Å vere programleiar betyr at du skal ha ansvar for å fylle denne sendeflata med programinnhald. Det kan høyrast mykje ut, men i realiteten er det tale om ein time av denne tida. For den første halvtimen er lagt opp til å ha Tankar frå Bibelen, deretter kjem ein halv time med informasjon frå kommunen, då kjem ein av kommunen sine tilsette og er med i ein samtale med deg i studio. Så kjem timen frå klokka 20 til 21. Den kan du disponere som du vil. Mange brukar å ha ein aktuell time der, andre brukar å ha ein gjest med noko på hjarta med seg. Det kan også vere aktuelt med eit musikkprogram.

Til slutt har det vore vanleg å ha ein time eller halvannan, frå klokka 21 til 22.30 med Opi sending, det vil seie å har rebusar som folk kan løyse og ringe inn svar. Som oftast er det faste medarbeidarar som legg opp desse sendingane, men om du er programleiar, kan du også ha ansvar for desse.

Om du melder deg til å vere med som programleiar i Valle Radio, blir du med i eit triveleg arbeid med hyggelege medarbeidarar. Du får ikkje betaling, det er dugnadsarbeid til beste for bygda og regionen, for programma vert sende til heile Setesdal.

Det er også ein tom stol på andre sida av glassruta, der sit teknikaren. Du vil få opplæring, og det er ikkje vanskeleg. Og teknikaren får vere med i det same fine arbeidet som programleiaren.

Det er i grunnen bare å melde seg på. Det er tale om ein innsats for bygda ein gong i månaden eller så, altså tre-fire gonger før jol. Det burde vere overkommeleg for mange å kunne yte så pass til beste for samfunnet de bur i. Sjølv har eg vore med frå 1997, men ettersom eg no vert pensjonist og flyttar frå Valle, vil eg ikkje kunne yte særleg meir på denne fronten. Men eg vil prøve å støtte Valle Radio frå min nye ståstad, mellom anna ved framleis å skrive om programma på bloggen min.

Når det gjeld tysdagssendingane, vil Siri Johannessen ta over dei. Men eg skal få vere med i august, og første sendinga blir komande tysdag. Onsdagssendingane startar ikkje før i september.

Min doping er Jesus

Share
Almaz Ayana i Beijing 2015. Foto: Wikipedia Commons/ Erik van Leeuwen
Almaz Ayana i Beijing 2015. Foto: Wikipedia Commons/ Erik van Leeuwen

-Min eneste doping er Jesus, sa etiopiske Almaz Ayana (24) etter å ha satt ny verdensrekord og løpt 10.000 meter på under en halv time. Hun slo den norske deltakeren med over en runde selv om Karoline Bjerkeli Grøvdal satte ny norsk rekord og var 9 sekunder bedre enn den tidligere norske rekorden, og det var mange andre i feltet som også satte personlige rekorder.

Jeg satt og så på løpet, de sendte det mens Arctic Race of Norway gikk, så vi fikk begge deler, og det var imponerende å se henne, hun hadde stor fart. Selv om mange lurer på om hun er dopet, sa Johan Kaggestad, som jo har mye peiling, at han ikke trodde hun var dopet, hun har hatt svært gode resultater hele sesongen.

Ellers har det blitt en del sport nå mot slutten av ferien ettersom OL går for fullt. Også tidligere i ferien ble det en del sport, barnebarna var i grunnen like interessert som meg og Reidun i å se Tour de France, selv om de nok er mest interessert i fotball. Det var imponerende å høre dem snakke om engelske fotballspillere. Der kom mine kunnskaper sørgelig til kort.

Jeg håper at Ayana har rett. Det var et kjempeløp, og imponerende å se på. Og et vitnesbyrd om tro som vi kristne altfor sjelden er villige til å gi. Takk.