Rekordfestivalen 2016

Share
Slik drøymer ein om at Hartevatn skal sjå ut under Rekordfestivalen
Slik drøymer ein om at Hartevatn skal sjå ut under Rekordfestivalen

Når eg skriv dette er Rekordfestivalen 2016 nesten over. Eg hadde med meg Ingvild Hovden i den aktuelle timen tysdagskvelden og ho fortalde om alt dei skulle ha på festivalen og om arbeidet som ligg bak. Eg undra meg over at ein klarte å halde hovudet over vatnet økonomisk, i år var målet 900 deltakarar, men ho fortalde at god støtte frå næringsliv og kommune gjorde at dei kunne ha ein liten festival. Alt skjer ute, og så høgt til fjells kan det bli ganske kjølig om kveldane, men folk som kjem på rekordfestivalen kler seg etter veret, sa ho.

Ingvild Hovden fortalde og kvifor dei har sine spesielle skinnsofaer på festivalen. Då dei starta opp, fekk dei overta sofaer frå internatet på Hovden VGS, dei bytta inventar det året. Dette vart så populært at dei har drassa på dei tunge sofaene kvart år sidan, dei set dei på lager om vinteren.

Ettersom Hovden er eit turmål, legg dei opp til ein fjelltur laurdagen, så i dag har folk vore på tur. Ingvild Hovden fortalde at turfolket ville få ei oerrasking eller fleire på turen, det kom til å bli minikonserar på fjellet, men ho ville ikkje fortelje kven som skulle ha dei konsertane, bare at Sigrid Kjetilsdotter Jore, som eg hadde prata med før Ingvild kom på lufta, hadde vore ein slik artist i fjor.

I går kveld deltok Fjellfolk, Marit Larsen og Odd Nordstoga. I kveld starta det med Mürtebandet, det er dei frivillige som skipar dette bandet. dei frivillige vert kalla mürtarar på Rekordfestivalen. Deretter kom Hovedøens Social Club, MK´s Marvellous Medicine, Steve´n´Seagulls og Mariann Rosa.

Eg har hatt ein liten ambisjon om å skrive om band og musikarar som spelar i Setesdal på Setesdalswiki, men det er ikkje lett å rekke over alt ein kunne tenkt seg å skrive om, så det har eg ikkje fått gjort. Når du ser på artikkelen om Rekordfestivalen 2016, er det mange røde lenker. Ofte føler eg at for kvar artikkel som vert oppretta, blir det fleire røde lenker, ikkje færre. Men Setesdalswiki veks, så etter kvart vil nok ein del røde lenker bli blå.

Eg tenkjer at Ingvild Hovden pustar letta ut når festivalen er over. Takk for at du var med i Valle Radio tysdagskvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *