Salmer i NRK

Share
Henta frå Wikimedia Commons
Pingstkyrkan Umeå der Hela kyrkan sjunger vart spelt inn. Henta frå Wikimedia Commons

Sundagskveldane når eg kjører oppover frå Mandal, pleier eg å gle meg til klokka 22.05, for då startar Salmer til alle tider på P1. Etter at Helge Gudmundsen slutta har det blitt slik at den nye programleiaren har med seg ein gjest som han snakkar med om tru og om salmer, og då får vi ofte fine program av det.

Men i kveld var det sommerhits på P1 og jazz på p2. Eg har ikkje DAB i bilen, men då eg klaga til Reidun heime, fortalde ho at det var Radioteatret på P1+. Det hadde vore salmer klokka 20, men det er på +, så i bilen går eg glipp av dei.

Sist veke koste eg meg med gjenhør av Salmeboka minutt for minutt. Og eg veit at svært mange vil høyre salmeprogramma i P1 klokka 22,05 på sundagskveldane. Det veit sikkert NRK også, men det er nok bare dei som veit kvifor også den sendeflata skal dekkast med popmusikk. Kanskje dei skuldar på sommaren.

Då kunne dei gjere som Svensk TV2. Dei pleier ha ein times gudsteneste klokka 10.05 sundagsmorgonen, men om sommaren har ein det som eg vil kalle ein musikkandakt, ein halv time kristent temaprogram. Deretter får vi gjenhøyr med Hela kyrkan sjunger, det svært populære programmet frå Pingstkyrkan i Umea med Margit Borgstrøm som gjekk i mange år frå tidleg på 1970-talet. I dag var det gjenhøyr frå 1974 og i fekk høyre Må din vei komme deg i møte, Dine hender er fulle av blomster, Jesus er vägen, sanningen och livet, Så som Han har älskat och gitt av sin kärlek, Nu Herren dig bjuder, Himmelriket iblant oss är og fleire andre i eit flott halvties sangprogram.

Det er ikkje bare Kygo og sommerhits NRK sine lyttarar vil høyre på. Gode program med kristen musikk er populære og bør ha sin faste plass på sendeplanen. Når Valle Radio sender kristne sangprogram, får vi tilbakemeldingar frå lyttarar som er svært takksame, så det vil vi halde fram med. Sist tysdag hadde Siri ansvaret for Sangtimen, komande tysdag skal eg velje sangar att.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *