Setesdalsfestivalen 2016

Share

Setesdalskappleiken startar fredag og går fram til sundag. Arrangementet har mange konsertar i tillegg til kappspelet, så dei som tek turen til soknehuset på Rysstad, kan få med seg mykje flott når det gjeld folkemusikk.

Eg har prøvd å skrive litt om artistane i samband med at eg har lagt ut programmet på Setesdalswiki, og meir vil kome i morgon. Takka vere Gunnar Stubseid fekk eg god informasjon om dei musikarane som skal spele i Hylestad kyrkje sundag klokka 12. Dei kallar seg Fartein Valen kvartetten, og Gunnar sende meg programmet for konserten. Det kan eg dele her, slik at du kan førebu deg til å ta turen dit komande sundag:

Program

1. Gorrlaus gangar 1 og 2 frå Setesdal. Gunnar Stubseid, hardingfele

2. Gamlestev frå Setesdal. Agnus Dei, legendevise. Kirsten Bråten Berg, kveding

3. Bestelanden, gangar. Skjoldmøyslaget, gangar. Sigurd Brokke, munnharpe

4. Johan Sebastian Bach (1685-1750): Sats frå Sonate i C-dur BWV 1005. Laurens Weinhold, fiolin

5. Heinrich Ignaz Franz Biber (1644-1704): Rosenkranzsonate nr 5 i A-dur (Der zwölfjährige Jesus im Tempel). Laurens Weinhold, fiolin. Jakob Mitterer, cello

6. Franz Joseph Haydn (1732-1809): Strykekvartett op. 76 nr 2 i d-moll

5. Bela Bartok (1881-1945): Rumanishe Volktänze

Fartein Valen strykevartett:

Laurens Weinhold, fiolin

Philipp Krylov, fiolin

Stephanie Drach, bratsj

Jakob Mitterer, cello

Setesdal Spelemannslag samarbeider på årets Setesdalsfestival med Norwegian Youth Chamber Music Festival i Stavanger, og får besøk av nokre av dei unge artistane som deltek på festivalen i september/ oktober (http://www.nycmf.com/allartists/ ). Dei kallar seg i dette  høvet Fartein Valen strykekvartett, og blir med på kurs i hardingfelespel. Konserten i Hylestad kyrkje sundag saman med Kirsten Bråten Berg, Sigurd Brokke og Gunnar Stubseid har 1700-tals musikk i Setesdal og samtidig klassisk musikk (barokk) ute i Europa som tema.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *