Stev

Share

 

Eg veit ikkje kven som diktar steva som Britta Lise legg ut på Valle Radio si side. I går kom dette:

«Når morgonsoli iv nutan renne,
ei livsfornying eg då fær kjenne.
Når slik eg møter ein ljose dag,
det æ helsebot i kvert andedrag.»

Stevdikting er ein eigen kunst i Setesdal. Det er samla svært mange stev i Stevdatabasen som Agder Folkemusikkarkiv driv. Kirsten Bråten Berg og Astri Rysstad har også laga ei eiga samling Stev for dagen med stev for 365 dagar.

Men ein kan lage eigne stev også. Det er fint at folk held fram med å skape i denne korte forma. På sitt ypperste kan ein skape stevleik på direkten, sjølv om eg vel helst har sett at folk som kan mange stev, finn stev som andre har laga og brukar dei i slike situasjonar.

I dag var det 5-600 menneske samla på Helle då tre sauefjos vart opna av landbruksminister Jon Georg Dale. Der kunne kanskje eit stev som dette passe:

På Heddi heve dei mykje smale,
tri nye fjos opna statsråd Dale.
Så mange folk var i Oppigard
som truleg aldri det vore har.

Eg måtte fundere litt før det var på plass. Om eg skulle vore med på ein stevleik og dikta det på direkten, hadde eg truleg fått jernteppe. Difor må ein beundre dei som får slikt til på sparket. Men når ein får det til i ein aktuell situasjon, kan det bli både moro og imponerande.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *