Takk

Share
Ørnul og Harald med biletet Gangardans av Olav Bjørgum. Foto: Øystein Berg
Ørnul og Harald med biletet Gangardans av Olav Bjørgum. Foto: Øystein Berg

Det er ikkje rett å seie at eg vart mållaus, for eg snakka jo med folk. I kveld hadde Siri bedt meg vere med i den aktuelle timen som samtalepartnar for dei gjestene ho skulle ha. Ettersom eg hadde lova å ha kåseriet i starten av sendinga og Sangkveld i tillegg til å vere samtalepartnar med Niklos under Postludium, betydde det at eg kom til å få ein nokså vanleg kveld i radioen sjølv om det var Siri som var ansvarleg.

Då klokka var 18.30 kom Jorunn Lund Harstad inn i studio, ho skulle også vere med, fekk eg høyre. Så kom eit opptak med Styrk Fjærtoft Trondsen der tema var meg, og då skjøna eg teikninga. Tema for den aktuelle timen var Harald Haugland. Då Styrk var ferdig, kom Signe Sollien Haugå inn, ho var på korpsøving, som ho pleier på tysdagane. Ho skulle ikkje fortelje om Setesdal Åhoi eller andre prosjekt til Regionrådet, nei ho skulle seie fine ord om meg.

Medan ho snakka, kom Lisbeth Dalquist Homme inn i studio. Med henne vart det ein prat om bibliotek, bøker og program vi hadde saman for lang tid tilbake. Ho las og eit dikt om å vere pensjonist, det var nydeleg, sa ho.

Største overraskinga i kveld var nok at Øystein Berg dukka opp. Min gode kollega på Valle Vaksenopplæring har sagt ein gong for alle at han ikkje ville i radioen, ikkje eingong på telefonen, meiner eg at han sa. Det har eg respektert, sjølv om eg har undra meg over det. Vi har vore gode saman på skulen, og eg er sikker på at han hadde vore fin i radioen. Med han i studio kom fleire takkens ord.

Eigentleg skulle også Theis Salvesen vore med, men hans telefon var ute av rekkevidde då Siri prøvde å nå han. Men han fekk endeleg spele Rammstein i ei sending eg deltok i, så truleg var han godt nøgd.

Deretter kom Bernard Emmelkamp og Oxana, musikarane som gifta seg i Valle kyrkje utan musikk, som Lisbeth sa. Og så kom kyrkjesjef Sissa med helsing og takk, det var opptak, for kyrkjestaben var i Bykle på oppstartmøte.

Alt før klokka 19 hadde eg sett Sigurd Haugsgjerd med fotoapparat i teknikken. Han kom inn i studio og tok bilete og fortalde om samarbeidet vi har hatt om Setesdølen og om kva nytte han har av Setesdalswiki. Det var hyggeleg å høyre, i alle dei 25 åra eg har budde i Valle har eg sett stor pris på Setesdølen og vore innom på kontoret hans mange gonger og diskutert saker og avis med han. Han minna meg på at eg og hadde vore med i skriftstyret for Jol i Setesdal for mange år sidan.

Så kom Reidar Tveito på telefonen. Han har vore ein sterk medspelar i Setesdalswiki og vi har gjenstidig inspirert kvarandre. Deretter var det eit opptak med Geir Daasvatn. Han sparka fotball og kunne ikkje vere med på direkten, men også han er ein viktig medspelar når det gjeld Setesdalswiki.

Før Ørnulf Hasla runda av heile timen, var også ordførar Steinar Kyrvestad på tråden frå Møsvatn med gode ord for arbeidet eg har gjort i radioen, og det fylgde Ørnulf opp då han takka og ga meg biletet Gangardans av Olav Bjørgum, håndkolorert. Han meinte at eg var interessert i folkemusikk også, ikkje bare kyrkje- og bedehusmusikk, så han vona at eg ville setje pris på biletet. Og det gjorde eg, Bjørgum sine bilete er kostelege.

Takk til Siri som planla alt dette utan at eg visste noko om det. Medan  Rammstein sin musikk vart spelt, serverte Jorunn ostekake og eplekake (potet) og eit stort fat med frukt. Då timen var over, tok Siri over Sangkveld og spelte programmet eg hadde lagt opp der. Så fekk eg ein time med gjestene ute i salongen. Det sette eg stor pris på, salongen i Valle Radio høver sjeldan godt til ein prat.

Så bar det inn i studio att til siste halvtimen med Niklos, han hadde funne fram musikk av César Franck, og så kunne vi runde av med vakker orgelmusikk før vi gjekk på Kyrkjebakken og spurde nytt både frå nord og sør i dalen.

Takk for ein flott kveld!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *