Tveit skule

Share

IMG_20160730_185213Eg tenkte at eg skulle innom og ta eit bilde av Tveit skule då eg køyrde oppover Setesdal i helga, og som tenkt, så gjort.  Eg deler bildet her i kveld, seinare finn du det på Setesdalswiki også.

På grunn av scanning av datamaskinen i kveld, blir det ikkje meir enn dette no. Skulen har stått til nedfalls ei stund, men no såg det ut til at nokon hadde teke tak i han og malt og fiksa ein del. Det er jo eit flott hus.

Grunnen til mi interesse for skulen er at det var eit bilete av elevar på skulen for over 90 år sidan som dukka opp på Facebook med namn, og som eg la ut på Setesdalswiki. Då måtte eg jo ha ein artikkel om skulen, og til det fann eg informasjon i Norges Bebyggelse. Det vart ein liten artikkel:

Tveit skule ligg like ved Austad kyrkjeTveitemoen i Bygland, 150 meter frå Otra og 150 meter frå Riksveg 9. Bygningen er oppsett av tre i 1917-1918 og er på 90m² i to etasjar. Bygningen har fire rom og kjøkken. Skulen var ein av mange grendeskular i kommunen som ikkje lenger er i bruk.

Her kan du sjå elevane som gjekk der der for 90 år sidan.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *