Vi startar att

Share
Brurehesten cover
Sigrid Kjetilsdotter Jore skal fortelje om plateprosjektet sitt i Valle Radio i morgon, tysdag 16. august 2016

I morgon startar Valle Radio att. Eg sende dette programmet til avisa:

Tysdag 16. august
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time. Sigrid K. Jore fortel om Brurehesten. Andre gjester blir også med
19.30 Sangkveld og litt til
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken
Så tenkte eg at ettersom det er første sendinga i haust, kunne vi kanskje ha ein liten notis også. Difor skreiv eg dette og sende til redaktøren:
Valle Radio startar att
Valle Radio startar opp att etter ferien i dag tysdag 16. august. Programansvarleg Harald Haugland seier til Setesdølen at Siri Johannessen, som har vore teknikar for han, vil ta over programansvar når han no blir pensjonist og flytter til Mandal. Men han har ansvar denne kvelden og vil lage ein aktuell time der han snakkar med folk om mange av dei aktivitetane som har vore i Setesdal i sommar. Ei av dei han tar ein prat med er Sigrid Kjetilsdotter Jore som både vann open klasse på Landskappleiken med gruppa Raabygg og gav ut plate i sommar.
-Eg minner og om at Valle Radio treng både teknikar og programleiar til onsdagsprogramma. Om nokon har lyst til å bli med og lage radio, er dei svært velkomne, seier Harald Haugland.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *