Aktiv søndag

Share
Kyrkjebakken i Mandal etter messa. Mange stoppa for ein prat over ein kaffekopp.
Kyrkjebakken i Mandal etter messa. Mange stoppa for ein prat over ein kaffekopp.

Det er lenge sidan eg har hatt ein så aktiv søndag som i dag. Som oftast har søndagene vært prega av at eg skal reise frå Mandal til Valle og med åra har eg redusert aktiviteten ganske mykje.

Men no treng eg ikkje tenkje på retur til Valle, så då kan det kanskje bli litt annan aktivitet. I dag starta det med at vi reiste til gudsteneste. Der var det Thor Kåre Kalvik som var prest. Han hadde eg til og med artikkel om på Setesdalswiki, for han har vore vikarprest i Otredal prosti. No er han vikar i Mandal. Det var ei nydelig messe, vakker song og musikk og fine kyrkjeassistentar som deltok aktivt i liturgien. Høstens påskedag kalla presten dagen. Etter messa var det kyrkjekaffi ute i det fine vêret.

Vel heime såg eg på programmet for Protestfestivalen. Eg hadde vekepass, og i dag skulle det vere avslutningsmøte i Misjonshuset med tema om Jesusvekkelsen: Hvor ble det av Jesusbevegelsen på 70-tallet? Hadde bevegelsen trengtes i dag som en opposisjon mot veksttenkning og materialisme? Då valde vi å ta turen til Kristiansand. I staden for å ha middag heime, gjekk vi på The Great India og fekk oss eksotisk mat, deretter inntok vi Misjonshuset saman med 200 andre.

Igjen fekk vi ein debatt som ga mange tankar. Her hadde festivalgeneral Svein Inge Olsen samla Rune Larsen, artist – Hans Erik Schei, involvert – Jørgen Aass, involvert – Dag Hareide, involvert – Benedicte Strand, filmregissør og Tore Thomassen, visesanger. Debattleder var Kåre Melhus, lektor på Gimlekollen.

Først fekk vi ein konsert med Rune, HES og Tore, det var meir allsang enn konsert, men folk kunne sangane frå tida i Jesusbevegelsen. Deretter vart det ein flott samtale, tankevekkande og med perspektiv til fleire sider på ei vekking som rørte mange.