Biblioteket i fokus

Share

bla-stjerne

I kveld var det Kjersti Torbjørnsen som var med Ronny Stavsholt i Kommunen informerer. Ronny var ikkje i form i kveld, han hadde skaffa seg smertestillande medisin i dag for å gjennomføre kvelden. Kjersti las dikt og snakka litt om planane for nytt bibliotek og vona at dei kunne realiserast i ikkje alt for fjern framtid.

Dei snakka og litt om korleis få tak i bøker, der er biblioteket hjelpsam med det meste ein måtte trenge. Sjølv har eg etter kvart teke til å bruke tenesta dei har for å låne e-bøker. Det skjer gjennom ei felles plattform for Agder, ein må bare skaffe seg nasjonalt lånekort, så kan ein låne døgnet rundt.

Eg avslutta lesing av Jan Guillous Blå stjerne i går. Det er femte bok i hans epos om det 20. hundreåret, no er han komen til 1942-45. Johanne Lauritsen er ei svensk kvinne med norske foreldre og ho blir engasjert i motstandskampen mot tyskarane. Familien er splitta i synet på krigen, den norske faren hennar studerte til ingeniør i Tyskland og fann seg kone der, det same gjorde ein bror, så dei ser nok helst at Tyskland vinn medan dei tyske mødrene er sterkt politiske i synet og på ingen måte tenkjer at Hitler skal vinne.

Jan Guillou er ein forfattar med stor dugleik i å etablere spennande historier, dei første bøkene i serien er også svært lesverdige, så det var interessant å lese Blå stjerne, tittelen er henta frå kodenamnet Johanne får som agent. Suksess har ho også, då ho står i Oslo og tek imot kronprins Olav, er ho i fremste rekke. Eg synest Guillou også tek på alvor at krigen har sine påkjenningar og får med noko av tankane ho gjer seg i så måte.

Ettersom Guillou skal skildre hundreåret som ligg bak oss, nyttar han kjelder i stor mon, men har funne fram til hendingar som ikkje er fremst i krigslitteraturen, mellom anna om korleis det vart etablert fluktrute for norske jødar til Sverige. Dermed kan han ta seg stor dikterisk fridom, samstundes som hendingane er reelle.

Biblioteket kan altså hjelpe både med fysiske og digitale bøker. Det er ope tysdag og torsdag i Valle, mandag og onsdag på Rysstad.