Engasjement

Share
Bent Åserud er leiar av Norsk Munnharpeforum.
Bent Åserud er leiar av Norsk Munnharpeforum.

I går hadde Siri Johannessen med seg Bent Åserud i den aktuelle timen i Valle Radio. Han er leiar i Norsk Munnharpeforum, dei skal ha årets festival på Bykle Hotell neste helg.

Ein kan godt skjøne at han er blitt vald til leiar. Han er ein svært produktiv komponist som har laga mykje film-musikk, men å høyre hans engasjement for munnharpa i Valle Radio, vitna om eit engasjement ein ikkje møter kvar dag.

Programmet for munnharpefestivalen består av konsertar og kurs. Det startar med konsert på fredagen, så vert det kurs og besøk i smia til Folke Nesland på laurdagen før det heile vert runda av med konsertar og buskspel laurdag kveld. Eg tenkjer det kjem til å halde på til langt uti dei små timar.

Bent Åserud omtalte munnharpemiljøet i Setesdal som indrefilet. Samstundes var han klar på at munnharpa er eit instrument som finst mest alle plassar i verda, det vesle instrumentet har over hundre namn, meinte eg at han sa. Han lista også opp nokre av namna. Fordi det er eit verdsinstrument, kjem det artistar frå heile verda for å vere med på festivalen neste helg.

Ikkje minst i Russland er det ein sterk og levande munnharpetradisjon. Difor kjem det musikkgrupper frå dette landet, dei kallar seg Olkohon gate duo. Det kan for øvrig godt hende at det kjem artikkel om nokre av artistane på Setesdalswiki.

Når ein møter engasjerte folk, er det ein fest å lage radio. Det er også ein fest å høyre på. Det var det i går kveld, så har du høve til å dra til Bykle Hotell på konsert neste helg, vil du få møte engasjerte folk i eit spennande miljø.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *