Fleire par raggsokkar

Share
Foto: Wikimedia Commons
Foto: Wikimedia Commons

Dette er kveldens kåseri i Valle Radios programpost Kvarteret klokka 18 med Siri Johannessen: 

Eg kan reint høyre minkeigar og nyhetsanker Jostein Kroksleiven seie «Jasså, døkk sit og glor» nett som han sa då han ønska sjåarane velkommen i «Flåklypa Grand Prix»  no når eg vil skriva tysdagens lyarbrev – kåseri er liksom litt for fint eit ord for meg. Det kvite «arket» på skjermen får nokre teikn, kanskje eit par ord – og så les eg dei, ristar på hovudet og viskar dei ut att. Så sit eg her å glor att. Freister mane fram noko godt å dele med andre – ikkje lett å få det til på kommando.  Eg vantar jo ikkje noko å skrive om, det har hendt mykje i dalen okkos dei siste vekene.

Valle skule har avslutta sommaren med ein sommaravslutning, Valle IL har hatt byttedag for sportsklede – så dei fleste har vel noko som passar greitt no, det har vore ein stor marknad og fjosopning på Heddi. Om den hendinga sa  Leonhard Jansen at det vel knapt har vore så folkesomt der  sidan tidleg 1700-tal då lensmannen i Valle hadde hovudsete på Oppigard Helle og tingsamlingane i Valle vart haldne på staden. Bussar frakta folk inn mellom anna frå Rogaland og Vestfold, og det var vel 5-600 menneske som hadde møtt fram. Det er ikkje alltid lett å tru at ministrane verkeleg veit kva dei helde på med, men landbruksministeren fekk visa at han veit att og fram på ein sau – og dessutan er ein kvalifisert saueklyppar. 

Eg voner at det kan hjelpa honom med å klyppa ulne, politiske talar så kjerna kjem klårt fram. Det er kjend at mange politikarar er vel skorne for tungebandet, at dei kan røa godt og lenge om mykje og mangt – og vel – om ting dei kanskje ikkje veit mykje om. Det tar tankane mine vidare til Bykle og Sarvsjuvet der Otra Kraft let Sarvsfossen få eit fritt fall over den 50 meter høge Sarvsdammen same dagen som stemnet på Heddi. Med demninga  fekk og Stavenes veg frå sør, Bykle fekk flotte rasteplassar ved Otra ovafor demningen og ei utsiktsplattform over juvet med ein minnestein på nedsida av den.

Sist sundage var det Lislefarmen på bygdetunet i Bygland, husflidslaget arrangera dagen i år som tidlegare år. Her var mykje meir enn eg kan nemna, så det lyt berre bli nokre eksempel – det var bodar med mat frå Noreg og frå andre land, Bygland hornmusikk spelte, folk frå flyktninge­mottaket dansa, Kjersti Plathe syna hønsefuglane sine,  det var treskurd og anna handarbeid  i tre, og på Jeger- og Fiskarlaget si bod var det skyting.

Litt lengre attende i tida ligg den andre tysdagssendinga i år, då me feira Harald Haugland og samstundes tok avskjed med han. Det var ein spesiell kveld og ei spesiell veke som leia fram til den. Eg fekk ikkje eit einaste nei når eg spurde om folk ville delta, det vart til opptak med to som det ikkje var mogleg å nå på telefonen, og Jorunn Lund Harstad var særs god å konspirera med. For Harald måtte jo ikkje få snusen i kva den aktuelle timen skulle innehalda, må vite J Og det gjekk bra – han var eit syn då han høyrde introduksjonen frå Styrk Fjærtoft Trondsen, og ikkje mindre då kollegaen Øystein Berg  kom inn i studio. Om ein ting var litt trist den kvelden, så var det at Harald sin godt planlagde sangtime vart send utan hovudpersonen og den historia han hadde laga rundt songane me høyrde.  Han sat ute i sofakroken med kake, frukt og gode folk.

Harald ja, og det å take over tysdagane, eg har tenkt lenge og vel på det. Ein god Hylstring sa med rette at eg nok ikkje kunne vente å fylle skoa hans. Det hadde hylstringen rett i, det kan eg ikkje – ikkje fysisk og ikkje på anna vis. Eg er meg, ein generasjon yngre enn Harald , ikkje mann – og med nokså ulik bakgrunn, sjølv om mykje av musikken og tankane rund tru nok delas. Fysisk så veit eg ikkje kor mange par raggsokkar eg måtte hatt på for ikkje å skli rundt – mine sko nr. 41 er små sammanlikna med dei han har. Eg vil tru og vonar at tysdagsprogrammet framleis vil ha den same inndelinga som i åra føre,  med Over ein open bibel  frå Norea– eller ei andakt frå studio, ein sangtime – gjerne med lokale folk og musikk, ein (halv)time med aktuelt stoff og gjester på telefonen eller i studio, postludiet forsvinn heller ikkje – eg kjem nok til å nytta ein del korsong, medan Niklos K. Besteland får med seg Henrik West i staden for Harald. Men eitt er eg viss på, for at det skal fortsetta å vere ein god radiokveld treng eg dykk og tips om kven og kva som kan vere interessant.  

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *