Hagefest

Share

 

I går måtte Tour des Fjords konkurrere med Hagefest i Dronningparken på vår TV. Vi sat og leita etter folk i Setesdalsbunad, men dei var vanskelege å finne i mylderet som NRK presenterte.

Difor var det flott å få Geir Daasvatn sine bilete i Setesdalsnytt på Facebook i dag. I Setesdølen stod namna, det var Linda Dale frå Rysstad, Vigdis Beisland frå Bygland, Tone Ingjerd Omnes og Tone Omnes Rike frå Grendi og Kjell Kallhovd og Geir Daasvatn frå Hornnes. Geir Daasvatn skreiv i ein kommentar: Setesdølen var elles ikkje heilt oppdatert på gjestelista. I tillegg til dei seks frå Setesdal som avisa nemner, var også Sverre Gudmundson frå Byglandsfjord og Kirsten Leira og Olav Mandt frå Bykle med på festen. Åse Omestad og Knut Katerås frå Iveland var også med.

Av bileta ser det ut til at det var mange i Setesdalsbunad, for det var ein leikarring der. Bileta til Geir så vel som reportasjen på TV synte at dei var heldige med veret, det var meir enn syklistane som skulle til Odda kunne seie, for dei hadde mykje regn på turen.

Hagefesten i Dronningparken var eit av dei siste arrangementa i samband med at Kong Harald har vore på trona i 25 år. Men det er grunnlag for nye festar neste år, for då fyller kongeparet 80 år, minna statsministeren oss om. Og sjefen for Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaseth, sa at ho hadde vore med Kongen på mange reiser og opplevd at det var travelt, men hennar program var på langt nær så omfattande som Kongen sitt.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *