Hjemmante

Share
Parti fra Fredrikstad. Foto: Wikimedia commons
Parti fra Fredrikstad. Foto: Wikimedia commons

Kveldens blogg er det kåseriet Siri Johannessen hadde i Valle radio tysdag 27. september 2016:

Hjemmante er eit omgrep som eg har nytta to gonger – og med dette vekebrevet tri – i programmet for kvelden. For nokon er det absolutt og har berre ei mening – slektsgarden eller staden der ein vaks upp og har vore store delar av livet. For ein annan kanskje ein utopi, ein draum, ein stad som ein gong var. For meg er det ratt tri ulike plassar, Fredrikstad – staden eg vart fødd og vaks upp, Delft – staden eg reiste til for å utdanna meg, og som vart heimen min i meir enn tjuge år, og ikkje minst Setesdal og Bygland der eg no bur. Eg veit eg har forvirra mang ein ny ven eller gammal kjenning når eg talar om noko hjemmante sidan det kan tyde ulike ting. Eg kunne og nemnt himlen, sidan det for meg og er ein heim – sjølv om den ligg ein stad i framtida.

Men hjemmante kan og vere ein stad i fortida, ein stad med ei gome som smiler på trappa, ein stad der folk ein er glad i aldri blir gamle. Der det alltid er ein sumarmorgon med mjølk og ferskt brød – eller ei moltemyr som rødmar så langt auga kan sjå. Eg ynskjer alle ein god stad å ha som hjemmante, ein trygg stad å minnast og kanskje gjere litt vakrare og varmare enn han var.

Det er merkeleg med eit slikt ord, det kallar fram bilete, lydar og lukter frå ei svunnen tid. Saltvann og bølgesvulp mot eit svaberg ein kveld, putringa frå ein snekkemotor, smaken av den salte lufta, lukta av kvae og barskau i mørkret på veg heim på mamma sin gamle damesykkel over stein og fjell – og utan ljos – selvfølgelig!

Aasmund Olavsson Vinje sa det betre enn eg kan: Det er eit barnemål som til meg talar, og gjer meg tankefull men endå fjåg. Med ungdomsminne er den tala blanda. Det strøymer på meg så eg knapt kan anda. Han tala om fjødd medan eg talar om fjord, men eg trur at følelsen kan vere den same…

I kveld er hjemmante Fredrikstad, og ein hylstring var mi muse – Niklos K. og eg røar ratt om komponistar og organistar som Hovland, Gangfløt og Ihlebæk med fleire når me køyrer til Besteland etter ei tysdagssending. Det er berre Ihlebæk eg ikkje har funne noko frå denne tysdagen, men eg fann Carl-Andreas Næss som har ein kantor som far og vaks upp lengre upp i gata der Egil Hovland og kona budde. Eg visste jo at det var mykje musikk i Fredrikstad, men Niklos inspirera meg til å undersøka nærmare.

Eg kjende jo til Arne Svendsen og familien hans som gjorde det stort i revy- og teaterverdenen, Madsane som var musikantar med ein og annan fotballspelar og journalist. Ei og anna overrasking fann eg og, ikkje visste eg at ein Fredrikstadkar var mannen bak «Sol ute, sol inne«! Far hans, Abel Lazar Bernstein fekk sin eigen snublestein ved Erling Skakkes gate 53 i Trondheim, medan Herbert greidde å komme seg over til Sverige i tide… Ein open ende, men lyar du på songtimen så kjem den og.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *