Hjemmante

Share
Parti frå Fredrikstad. Foto: Wikipedia Commons/Nasjonalbiblioteket
Parti frå Fredrikstad. Foto: Wikipedia Commons/Nasjonalbiblioteket

Programmet denne tysdagen i Valle Radio er inspirert av  omgrepet hjemmante, og dette har Siri med i programtitlane både for Songtimen og Postludium.

Tysdag 27. september
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel med Leif Holthe (frå Norea)
18.30 Songtimen med musikk hjemmante»
19.30 Timen med mellom anna Eivind Jåtun frå Norsk Luthersk Misjonssamband
20.30 Postludium med meir musikk hjemmante»
21.00 Kyrkjebakken

I programmet får du høyre diktet Mold av Anders Hovden. Eg legg det ut her også. Det stodpå side 40 i diktsamlinga Sunnmøringen, som Hovden ga ut i 1894 hos Litleré i Bergen.

Sams seng åt alle reidest
der me fær leggja oss ned –
Kyrkjegarden den logne
med eveleg togn og fred.

Livsens lukka er draumar
midt i ei fange-reid.
Livet, det vert når ein vaknar,
audt som ei naki heid.

Livsens voner er skodda
der ein i otte sit.
Men når so lufti klårnar
missa ein må sitt vit.

Kvinnekjærleik er ljuging
yver ei grind av bein.
Innunder femnings-smilet
låg skjelettet og grein.

Brøder, kveik ikkje ljoset,
syn ikkje samanheng.
Lat oss få gå med draumen
til kvild i den store seng.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *