Klar tale

Share
Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad

Politikarar vert ofte skulda for tåkeprat, men etter denne veka skulle ingen vere i tvil om kva Steinar Kyrvestad meiner om Evje og Hornnes og Setesdal Regionråd. Valle-ordføraren sitt lesarinnlegg i Fædrelandsvennen og Setesdølen har skapt reaksjonar i sosiale medier så vel som leiar i dagens Fædrelandsvennen.

Kan hende var det nyttig å få lufta ut litt av den frustrasjonen som har vore etter at Evje og Hornnes prøvde eit solospel i høve til regionsamarbeidet. Dette starta vel i førre kommunestyreperiode og har halde fram i denne perioden. I Setesdølen tysdag var oppslaget på framsida at Evje-ordførar Bjørn Ropstad vil halde fram i regionrådet. Det var også klar tale.

Men når rådmannen si utgreiing til saka ikkje er like klar, slår det meg at tåkepraten neppe er heilt borte. For rådmann og ordførar burde snakke så pass saman at rådmannen sin argumentasjon ikkje fyrte opp under det motsette av det ordføraren vil gå for. Og det er rådmannen sin argumentasjon Valle-ordføraren går til åtak på.

Dei fire kommunane treng å stå saman i Setesdal Regionråd. Med små midlar har dei fått til mykje, om næringsarbeidet i Setesdal skulle vore drive av kommunane, ville dei ikkje hatt så mykje pengar til rådvelde som no. Den som kjører Riksveg 9 kan jo spørje seg sjølv om det hadde blitt ny veg gjennom Bygland like fort om Regionrådet ikkje hadde vore pådrivar, men at kommunen skulle kjempe for finansieringa aleine. Vi må ikkje gløyme korleis vegen var frå Hekni til Ose for bare få år sidan.

I kveld er det startskot for Setesdal Åhoi. Her er det kome mykje pengar til Setesdal for å hjelpe unge gründarar til å kome i gang. Hadde det vore mogleg utan Setesdal Regionråd? Aldri i livet.

Klar tale er nødvendig for å kome vidare. Men så må dei det gjeld også klargjere at dei vil satse saman. Evje og Hornnes har ansvaret for at den ulukkelege situasjonen kom i stand då dei tok til å snakke om separasjon og til og med ikkje ville betale inn fullt beløp for dette året. Slikt fører aldri til noko godt, det gjorde det heller ikkje her. Skal samarbeidet lukkast, må dei som skal samarbeide stå på og legge inn i samarbeidet det dei har av krefter og vilje.

Difor bør Evje og Hornnes kommunestyre i neste veke vedta noko slikt som dette: Evje og Hornnes kommunestyre respekterer dei andre kommunane sitt syn i regionsamarbeidet og vil arbeide for at fleirtalet sitt syn kan realiserast til beste for heile Setesdal. 

Så må samarbeidet starte att frå scratch, til beste for både regionsenter og resten av dalen.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *