Misjonsperspektiv

Share
Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad

I tysdagssendinga denne veka hadde programmet eit klart misjonsperspektiv då Siri Johannessen hadde Eivind Jåtun og Harald Endresen på telefonen. Den første fortalde om Misjonssambandet sitt arbeid i regionen, der ikkje minst Evjetun spelar ein viktig rolle. Arbeidet i regionen var nok endå meir omfattande tidlegare, men framleis står misjonen sterkt i Setesdal og dei indre bygdene på Agder, sjølv om ein ikkje som i byane har etablert eigne misjonshus og fast aktivitet.

Eit spørsmål som kom opp, var om det var mange misjonærar frå Setesdal. Det kunne ikkje Jåtun svare godt på, men i programmet kom det inn innspel på Jon Berg frå Hylestad, som var misjonær i Kina ein kort periode. Du kan lese meir om han på Setesdalswiki.

Andre misjonærar i Misjonssambandet frå Setesdal var Torjus Vatnedalen frå Bykle. Frå Evje er det fleire: Arna Vågen, kona til generalsekretær Tormod Vågen var og i Kina ein kort periode. Jørgen Høgetveit var i Etiopia ein kort periode og noverande generalsekretær i Misjonssambandet Øyvind Åsland har vore misjonær i Kenya. Sambandet feira 125 årsjubileum i år.

I samtalen med Harald Endresen om Norea Mediemisjon sitt 60 årsjubileum. Det skal markerast i Kristiansand og på Flekkerøya 21. til 23. oktober. Han hadde mykje å fortelje om korleis radioen når til land og folk som elles ikkje kan bli nådd med evangeliet. I dagens situasjon kan alle høyre på radio eller sjå på TV-program, og Norea Mediemisjon samarbeider både med Trans World Radio og andre organisasjonar for å realisere misjonsoppdraget.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *