Møteplassen

Share
norea-60-ar
Møteplassen er ein programserie frå Norea Mediemisjon som vi har sendt i Valle Radio i mange år. Den siste tida har vi ikkje hatt det med kvar gong, for medan det før var faste program vi kunne hente på serveren deira kvar veke, var det i ein periode ikkje alltid det kom nye program der og då måtte vi finne noko anna. Programma blir laga av radioane som er med i eit nettverk som Norea samarbeider med, det er Gimra i Kristiansand, Nytt Liv Media i Stavanger og Gnisten i Ålesund, mellom andre. Ofte er det folk som fortel korleis dei vart kristne som er med i desse programma.
Eit søk på Setesdalswiki fortel at det er 121 treff på ordet møteplassen. Rett nok er nokre av treffa for ein kafé som heiter Møteplassen Brød og Kaffe, men eg vil tru at over hundre av dei treffa gjeld program i Valle Radio frå 2009, då Setesdalswiki starta opp. I dei ti åra vi har halde på før Setesdalswiki begynte å skrive om programma i Valle radio, ligg minst hundre til. I dei første åra fekk vi desse programma tilsende på kassett, seinare på CD, men no hentar vi dei sjølve på ftp-servaren til Norea Mediemisjon.
For meg har det vore viktig å kunne bruke program frå Norea Mediemisjon. Det er Norsk Luthersk Misjonssamband som står bak Norea, og det er same organisasjonen som har basaren på Rysstad soknehus, jolemessa for heile Setesdal. Dei har også gjennom åra ofte vore i Setesdal med eigne Norea-møter, så desse programma har lokal tilknytning sjølv om dei er laga for heile landet. Like etter at vi starta opp, deltok eg på eit helgeseminar dei hadde, noko som ga inspirasjon og kontaktar. I tillegg til Møteplassen har vi Over ein Open Bibel, det har vi sendt like lenge. Før sendte vi også Norea-Magasinet og av og til eit program dei kalla Dameklubben. Vi har også sendt bibeltimeseriar og sangprogram frå Norea. Om eg ikkje hadde hatt desse programma å falle tilbake på, kunne vi ikkje klart å ha tysdagssendingar i alle desse åra. Dei har vore rammeverk som så kunne fyllast ut med lokale program av ulikt slag.
I alle desse åra har det så vidt eg kan hugse aldri vore ein gjest frå Setesdal i Møteplassen. Men denne veka var Liv Åkre Trydal frå Valle gjest hos Ellen Sørlien. Det vart eit hyggeleg program der Liv fortalde om korleis trua vart meir enn barnetru. Programmet gjekk inn i serien på ein fin måte, og Liv var reflektert og fekk godt fram tankane sine. Takk for eit fint program i Valle Radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *