Munnharpefestival 2016

Share
Laurdag skal deltakarane på Munnharpefestivalen besøke smia til Folke Nesland.
Laurdag skal deltakarane på Munnharpefestivalen besøke smia til Folke Nesland.

For tredje gong vert Den Norske Munnharpefestivalen arrangert i Setesdal. Første gongen var på Rysstad i 1998, deretter var det på Rysstad i 2006 før dei i år samlast på Bykle Hotell for tre dagar med munnharpa i fokus.

Etter at festivalen hadde vore på Rysstad første gongen, hadde Valle Radio i ein lang periode nokså faste munnharpeprogram. Jon Melhus stod for det faglege og presenterte oss også for tradisjonelt munnharpespel frå Russland. På årets festival kjem den russiske Olkhon gate duo. Den består av Vladimir Markov frå Irkutsk og Irina Bogatyryova frå Moskva.  Desse russarane er spesielt opptekne av norsk munnharpetradisjon, og prøver å overføre den «norske» munnharpeteknikken/-spelestilen til russisk folkemusikk. Dei freister rekonstruere folketonar og danseslåttar som er spelbare på munnharpe. Alle tre har lært seg Setesdalsslåttar på munnharpe! skreiv Bernhard Folkestad til meg i ei melding. Folkestad har og vore med i program i Valle Radio.

Det startar altså i morgon klokka 20 med folkemusikkpub på Bykle Hotell. For eit par veker sidan var leiar Bent Åserud med på telefonen i Valle Radio og fortalde om arrangementet. Hans store engasjement var smittande.  Han  fortalde om kursa i munnharpespel som er ein fast tradisjon på desse festivalane. Det har etter kvart ført til at det er blitt mange som har teke til å spele munnharpe. I år vann Eivind Tanche‐Larsen Knutsen frå Setesdal Spelemannslag juniorklassen på Landskappleiken med munnharpa si.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *