Ny mus

Share

I dag måtte eg av og handle ny mus. Den gamle tok kvelden av ein eller annan grunn, dei lever visst ikkje evig, det er vel i datatilbehørriket som i dyreriket.

Eit spørsmål når ein skal ha ny mus er om ein skal ha trådlaus eller med ledning. Eg har hatt nokre trådlause, men dei har hatt stort behov for batteri, så siste musa eg kjøpte, fann eg med tråd på Clas Ohlson. Den var finurleg, for tråden kunne rullast inn med ei fjør, så det var lite ledning som slag når eg pakka datamaskinen og la på tur mellom Valle og Mandal.

Men det var den musa som tok kvelden sist veke. Så nokre dagar har eg prøvd å klare meg bare med den plata som er på den bærbare maskinen min, men det er eit heft og eg har ikkje funne meg til rette i skrivinga med å ikkje ha ei konvensjonell mus tilgjengeleg.

Denne gongen valde eg å gå til Gustav Pedersen i Mandal for å få meg ny mus. Den butikken syng på siste verset der han no ligg, like ved Sjøsanden, så han såg ut som ein butikk skal sjå ut ei veke før dei opnar i nye lokalar ein heilt annan stad i byen. Men i motsetning til Clas Ohlson, som ligg i toppetasjen på Amfi kjøpesenter, kan eg parkere like utanfor butikken og slepp å parkere i parkeringshus.

I det trafikk-kaoset som er i Mandal no for tida, var det godt å kome litt utanfor den store trafikken. Dei byggjer om Kirkeheitunnellen og all trafikken går gjennom sentrum, så i kvart kryss står det folk som passar på trafikken manuelt. Då eg hadde fått musa mi og i tillegg vore innom på Meny-butikken og funne fersk seifilet til dagens middag, vart eg ståande i kø heilt til Fiskelaget for å kome inn på E39 og kome meg heim att.

Ettersom eg ikkje har hatt mus, har eg ikkje skrive noko særleg på Setesdalswiki denne veka, bare fått ned ein blogg og nokre små redigeringar i leksikonet. Vonleg kjem inspirasjonen att når eg no har fått med ei Logitech m 500. Seljaren var godt nøgd med den musa og fortalde at dei brukte den også i butikken, noko som vel skulle vere eit kvalitetsteikn.

Så i kveld tok eg musa i bruk, det var forresten eit styr å få henne ut av plasten, eg måtte til med kniv for å få hol på innpakninga. Men det var bare å sette henne inn i ein usb-inngang, så var markøren der att. Lukke.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *