
Sjølv om vi hadde eit par tysdagssendingar i Valle Radio i august, er det først no i september at sendingane startar for fullt. Siri Johannessen har fullt program denne veka, med ansvar og teknikarjobb både tysdag og onsdag. Her er programmet:
Tysdag 6. september
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel.
18.30 Aktuell time med mellom andre Nils Magne Heitmann frå Åpne Dører
19.30 Eit møte med Randulf Saunes – mannen og musikken
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
Onsdag 7. september
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
19:00 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
19.30 Kommunen informerer ved rådmann Eivind Berg
20:00 Aktuell time
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike, Ingeborg Åkre Løyland svarar på telefonen.