Positivt bilete

Share
Jåblom. Foto: Brit Obrestad
Jåblom. Foto: Brit Obrestad

Valle kommune har i alle år hatt ein halv time med kommunal informasjon i Valle Radio si onsdagssending. I kveld var rådmann Eivind Berg i studio. Eit av dei tema han snakka med Siri Johannessen om, var kåring av respons når ein kontaktar kommunen. Der kom Valle på 3. plass i landet.

Kommunal rapport hadde pr. 20. august ei vurdering av dei ulike områda, der vart Valle kommune nr. 2. Dei tilsette i kommunen har gjort ein god jobb, ein har gått fram mange plassar på den statistikken. Tilbudet når det gjaldt barnehage og barnevern er på topp i landet.

Dei snakka også om ei viss folketalsutvikling, og rådmannen håpa at ein hadde stoppa tendensen til folketalsnedgang. No bur det 1265 personar i Valle. Det er 15 meir enn då rådmannen skreiv årsmelding i vår.

Sjølv om ein no byggjer nytt renseanlegg på Rysstad, vil det ikkje bli fleire folk i jobb som følgje av dette. Men anlegget får betre kapasitet enn det gamle anlegget, vatnet som er reinsa skal ha kvalitet så ein kan drikke det, men det ville ikkje rådmannen anbefale, han meinte det var nok at det kunne sleppe ut i Otra-vassdraget att.

Vegen i Valle blir sterkt opprusta og snart er vegområdet Sandnes – Kveste ferdig. Den skal vere ferdig om ein månad og det blir eit kvalitetsløft. Dei snakka ikkje om at vegen mellom sentrum i Valle og skulen også får gang- og sykkelsti, det vil gjere vegen mykje tryggare for alle som skal til skule og treningsaktivitetar.  Men i samtalen med Jon Rolf Næss litt seinare på kvelden, fekk vi og høyre om utbygginga på Skomedal, den vil starte seinare i haust og vare eit år. Det er politisk kamp for kva trasé som skal byggjast i prosjektet Gul stripe til Hovden. Difor er det godt at ein står saman og samarbeider om prosjektet, og regionrådet er koordinator i  slike prosjekt.

Valle kommune har i haust starta grunnskuleundervisning for vaksne. Det er ei teneste som er lovpålagt, den som ikkje har grunnskule, har rett til å få det. Og det er nødvendig å ha grunnskule for å kunne få få utdanning som er naudsynt for å få seg jobb, og jobb er viktig for den som skal forsørge seg og familien.

Rådmann Eivind Berg hadde og eit eksempel på korleis service kan fungere. Han hadde fått ein telefon onsdag før skjærtorsdag om ein mann som skulle på hytta i påska, men som ikkje hadde fornya scooterløyve. Sjølv var han i Kristiansand, men fekk ein medarbeider til å fikse løyvet, mannen kom innom og henta det, og då han reiste på hytta, var det kontroll, men då hadde han løyvet.

I samtalen med Jon Rolf Næss snakka dei også om brannvesenet som ofte må rykke ut og kjem før politiet. Brannvesenet er dyktige og rykker ut ikkje bare til brann, men til ulukker. Turistene har ofte ikkje føresetnader for å ferdast i naturen. Han har ofte ein tur til Hartevassnut, det er ein times tur, men i dag hadde det vore meir enn ti personar som hadde skrive i gjesteboka, så folk nyttar også naturen i Setesdal i skuldersesongane, meinte Bykle-ordføraren.

Han nemde også rasteplassane langs riksveg 9 som eit positivt bilete i Setesdal. No kjem rasteplass ved Storstraumen, den blir fullt utbygd med toalett og godt utstyr etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *