Santa Teresa

Share
Moder Teresa i 1985.
Moder Teresa i 1985.

Sundagane blir det ofte til at eg ser på svensk TV2 der det er gudsteneste klokka 10.05. Men i dag var det helgenkåring av Moder Teresa på Petersplassen i Roma, og den messa vart overført.

Ein kan ikkje anna enn å bli imponert over den organiseringa som skjer når ei slik messe skal gå av stabelen. Alle deltakarane har programhefte, Kor mange det er, veit eg ikkje, men det må vere litt av ein jobb å fordele dei til alle. I løpet av ei gudsteneste er det mange som skal i elden, lesing, sang, utdeling av nattverden. Så eg sat og lurte på kor tidleg ein startar planlegging av eit slikt stort arrangement.

Prosessen for å kåre Moder Teresa til helgen starta alt to år etter at ho døydde. Det vanlege er fem år, men paven gjorde eit unntak for henne. Først kjem saligkåring, så skal det gå 50 år før helgenkåring, men paven gjorde unntak også her. Saligkåringa var i 2003, i 2016 vart ho helgen. Den katolske kyrkja har 10.000 helgenar, først var det martyrar, og i den første tida skjedde det lokal, men i 1234 vart det bestemt at paven skulle godkjenne at nokon vart helgen.

I messa i dag kunne vi høyre den formelle bøna om at paven skulle gjere Moder Teresa til helgen, og svaret hans var positivt. Arbeidet hennar i Calcutta for dei aller svakaste vert ført vidare av den ordenen ho stifta, og den har spreidd seg til andre stader. Til og med i Sverige er det eit kloster med fire nonner i Missionaries of Charity.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *