Seminar og festivalar

Share

I løpet av året vert det halde mange seminar og festivalar i Setesdal. Ei av oppgåvene til Setesdalswiki, slik eg ser det, er å gje informasjon om folk som er med på desse arrangementa i ulike roller. Dermed kan deltakarar få vite litt meir om dei enn det som står i programma. Der står det gjerne bare ganske kort om, men folk likar jo å vite meir, og då kan Setesdalswiki gje meir informasjon. I tillegg vil det over tid byggjast opp ei større oversikt over folk som har delteke på arrangement i Setesdal, og det kan kome andre til gode ved seinare høve.

Difor hadde eg ønska at fleire sendte informasjon til Setesdalswiki om arrangement dei skal ha og folk som skal vere med. Det beste hadde sjølvsagt vore om du registrerte deg og skreiv litt sjølv, då kan databasen vekse fortare enn vi klarar no. Dagleg besøk i august var over 400 gjester som las mange sider kvar. Det syner at informasjonen folk finn her er nyttig, og endå meir nyttig vil den bli om fleire artiklar kjem på plass.

Neste veke er det Heiedagane 2016. No har Setesdalswiki artiklar om dei fleste av foredragshaldarane der. Klikk på lenka og sjå, du får både informasjon om programmet og folka. Kan hende er det bryet verd å setje av tysdagen og delta på seminaret på Hovden grendehus.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *