Taushet er ikkje gull

Share
Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad

Kveldens innlegg på bloggen er det Siri som har skrive. Dei kåseria ho held i programmet Kvarteret på Valle Radio, kallar ho Vekebrev.

Programmet for sendinga i morgon, tysdag 13. september 2016, ser slik ut:

Tysdag 13. september
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Aktuell time med Kirkens SOS og LEVE
19.30 Sangtimen med musikk fra Jesusbevegelsen
20.30 Postludium i Nidaros ved Siri Johannessen

21.00 Kyrkjebakken

Taushet er ikkje gull

Den fyrste radioveka med ansvar ligg bak meg, og eg er glad det gjekk godt. Kvifor? Jo, fordi eg vart skikkelig forkjøla helga føre, og ikkje ana om stemmen og konsentrasjonen ville halda. Det haldt – heldigvis!

Her eg sit og nys i sofakroken høyrer eg lyden av glade ungar på veg attende til skolen etter ein skogstur. Eg ser små folk som reint av druknar i skulesekkar og refleksvestar, medan den elva dei lagar renn nedover bakken her. Kontrasta er stor mellom kva som skjer ute og kva eg tenkjer på inne. I kveld er det eit viktig emne i den aktuelle timen, eg trur reint av eg vil kalla det livsviktig. Sjøldrap. Eg trur dei fleste av oss har tankar rundt det, sjølv om det framleis er ein tabu for mange. Det har råka mange, og dei har nær kjennskap til det. Kanskje er det eit hol i familien og vennegruppa, kanskje kjenner dei att tankane om at «alt er tomt, eg er berre i vegen og unyttig – til overs», til nære på eit møte med ein fjellvegg eller eit sprang.

Det er ingen aldersgrenser, eg har lese om ungar som snautt har blitt tenåringar føre dei vel å avslutte livet. Årsakane kan vere mange, men utestenging og plaging er utan tvil viktige faktorar. Odin, ein tretten år gamal gut frå Aurskog er blant dei i statistikken. Han hadde gått på to ulike skolar og vorte plaga på båe, han og familien sa ifrå, men han følte seg ikkje høyrd eller sett – det er han som må forandre seg, og fleire gonger seier han «det hjelper ikke å si fra, for de gjør jo ikke noe med det uansett». I begravelsen sa sokneprest Gaute Sveinall mellom anna at: «Mobbing er skadelig, den ødelegger livet til enkeltmennesker, den gjør noe negativt med selvbildet ofte, mange blir svake inne i seg (…), og hele fellesskapet blant oss blir ødelagt». Når foreldra klaga på faktiske hendingar vart symptoma løyste, men ikkje det som lå bak. Når klassekameratar knuste brødboksen gong etter gong løyste klasseleraren det ved å tilrå at han gøymde den ein stad berre han visste om… Sa dei ifrå om annan mobbing kunne dei få som svar frå sosialleraren at skolen er kjent med at Odin har hatt «noen sosiale utfordringer». Det som Odin erfarte hender og på arbeidsplassar, på fritida eller i boligsameiet, men vaksne er ofte enno meir raffinera enn ungar. Om du ser at nokon blir fornedra og trakka på, så reager. Sei noko, la ikkje plågaren komme unna med sin «humor». SJÅ kvarandre. HØYR. Ikkje berre freist å få løyst det du trur er problemet. Ofte er det berre overflata av noko større. Ver eit medmenneskje. Eg trur at det kan vere viktigare å føle seg sett og høyrd enn at den som høyrer på søkjer finna og løyse problemet med eit par setninger. Det er eg redd kan øka kjensla av einsemd og dumskap.

Kirkens SOS starta kampanja mot sjølvmord som er kalla ‘På kanten’ 2. september i år, og namnet kjem frå Bertine Zetlitz sin song med same namn. De har kanskje sett artiklar i aviser om korleis folk har overlevd sjølmord – eller dei etterlatte sitt liv, den siste tida. At folk opnar opp, og kjendisar som Hans-Erik Dyvik Huseby (Hank von Helvete) og Lene Marlin fortel om sine tunge tider, kan hjelpe til å høvla ned høge trøsklar som stengjer folk inne i sitt eige mørke. Hans-Erik fortel på bloggen sin mellom anna:

Jeg mistet det. Hele perspektivet. Det bare ble sånn. Lyset gikk av.
På flyet var jeg lykkelig og lettet. Det gikk til København. Klokken var halv ni om morgenen og solen hadde reist seg opp på himmelen. Jeg hadde endelig fred i hjertet, etter uker og måneder i kaos og mørke. All strid og alle dager med kamp og krig for tilværelsen var  over. Nå skulle jeg også endelig få fred. Få slippe.
Jeg ville så veldig skape et godt og verdig liv. Så mange år i fornedrelse, løgn og rus. Hvem vil vel leve sånn? Skammen, hatet og skjellsordene. Jeg kastet opp før jeg dro på turne med bandet. Jeg gruet meg så til avsløringene kom. Sannheten om meg selv. Løgner, rusmisbruker – tulling. Det hjalp ikke engang å stille opp nykter og i fin form. Det fantes alltid en hendelse baki der, hvor jeg hadde dummet meg ut. Påminnelser over fortidens fadeser.

Hans Erik fortel at mange menn tok kontakt etter den bloggen, og skriv vidare at:
– De takker meg og sier at dette var veldig viktig for dem. Flere sier at de nå har lagret nødnummeret og brukt hjelpetelefonen.

Så det ER viktig å vere open, det kan opne døra og gje ljos så andre kan våge snakke om dei verkeleg viktige tinga. Eg trur ikkje at det er smittsomt. Eg trur ikkje nokon er dum som slit med mørke tankar. Det har ingenting med intelligens og popularitet å gjere. Her gjeld ikkje «tale er sylv og taushet gull», heller at taushet kan vere dødeleg.

Songen som fylgjer vekebrevet er Bertine Zetlitz sin På kanten, og bakgrunnen til den beskriv ho slik:

-Noen ting gjør man av nødvendighet, slik var det da jeg skrev ‘På kanten’. Det hele startet med en henvendelse på Facebook fra en ung mann som endelig hadde bestemt seg for å fortelle foreldrene sine ‘hvor skapet stod’. Han ble ikke møtt med den uforbeholdne kjærligheten og forståelsen alle foreldre burde møte barna sine med. Fortvilelsen var stor.

Me er menneskje, ikkje skapte til einsemd.

* «Kirkens SOS»: Bertine Zetlitz støtter kampen mot selvmord
* Folkehelseinstituttet: Selvmord og selvmordsforsøk – faktaark med helsestatistikk
* Hans-Erik Dyvik Husby: Bare i fjor trengte jeg hjelp fra noen. Kirkens SOS var der.
*  Aftenposten: Hans-Erik Dyvik Husby åpen om selvmordstanker: – Har fått enormt mange tilbakemeldinger
* VG: «Det hjelper ikke å si ifra, de gjør ikke noe uansett». Odin ble mobbet på to ulike skoler. Han ble bare 13 år.
* Kristeligt Dagblad: Min længsel efter at dø var i virkeligheden en længsel efter at leve mit liv fuldt ud

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *