Damene styrer

Share
Norveig Eikeland til venstre holdt andakt og sang, Turid Dahlene ledet formiddagstreffet i Misjonssalen. Foto: Harald Haugland
Norveig Eikeland til venstre holdt andakt og sang, Turid Dahlene ledet formiddagstreffet i Misjonssalen. Foto: Harald Haugland

Torsdag var jeg på formiddagstreff i Misjonssalen her i Mandal. De har slikt treff siste torsdag i hver måned, og denne torsdagen var det damene som styrte.

Det var ikke så mange som kom denne dagen, det ble en dag med nydelig høstvær, så noen benyttet kanskje dagen til å nyte høstsola. Men møteleder Turid Dahlene innledet med henvisning til det fine vært og slo an tonen med sangen Det er solskinn i min sjel i dag. Deretter presenterte hun den egentlige grunn til glede gjennom sangen Det meg gleder mest er Jesu underfulle frelsesverk før hun selv hadde åpningsandakt.

Dagens sanger var Norveig Eikeland. Jeg googlet henne før møtet for å finne ut mer om henne. Da viste det seg at jeg hadde artikkel om henne på Setesdalswiki, hun hadde vært på Evje og hatt andakt en gang, og dermed hadde jeg skrevet om henne. Hun er fra Konsmo og google forteller at tv2 har presentert henne som den typiske KrF-velgeren.

På møtet i Misjonssalen i Mandal sang hun en rekke sanger, både kjente og mer ukjente for meg: I fred skal eg sovna, Som när et barn, Eg elskar deg Jesus, Jesus tek seg av den eine og Kom nära meg. Marianne Tallaksen spilte både til fellessang og solosang, så jeg har dekning for å si at damene styrte i Misjonssalen denne dagen. De serverte også kaffe, brødskiver med kjøttpålegg, brun eller gul ost og vafler med syltetøy, raske til å servere og til å ta av bordene selv om de var godt oppe i åra.

Halvannen times formiddagssamling. Selv om vi ikke var så mange, var det god sang til variert pianospill, Misjonssalen er nok det beste lokalet jeg har vært i når det gjelder akustikk her i Mandal, så det er lett å synge der.

Da arrangementet var slutt, rullet vi hjemover. Ei av de som var på møtet passerte vi på veien, hun er 96 år og kjørte sin elektriske rullestol gjennom byen på vei til minibanken for å ta ut penger. I gangen utenfor møtesalen diskuterte de problemene som kundene får når bankene nå legger ned minibankene, de hadde hørt nyhetene tidligere på dagen. For vi liker best kontanter når vi skal gi kollekt, vi pensjonister.

Fra elgmøte til elgkjøtt

Share

Du husker kanskje at jeg skrev på bloggen min for en tid tilbake at jeg hadde vært på elgmøte.  Der ble de enige om å gå på jakt 22. oktober, etter det jeg husker. Den dagen kom det et bilde på Facebook om at det i år ble en elg.

Det er ikke så mange som er med på elgjakt nå som det var da jeg var ny på Eskeland. Jeg har selv aldri vært aktivt med, men for mange år siden var det en stor dag med mange drivere, og barna våre var med noen ganger. De som ikke var i skogen, kom sammen for å vente på resultatet. Det sosiale var viktig både i skogen og hjemme. Nå er det ikke så mange drivere, men heldigvis har de en hund som gjør jobben.

Reglene er nå slik at om man ikke er med, blir det ikke kjøtt selv om man er grunneier. Derfor har det vært lite elgkjøtt på oss en del år. Men han som forpakter jorda vår, er ivrig jeger, og han har delt sin kvote med oss før, og sannelig kom ikke Arne Frivoll innom med kjøtt til oss i kveld igjen.

For årets elgjakt ga ei ku på 140 kilo. Når den ble delt på de 14 som var med, ble det litt på hver, og som den rause naboen Arne er, tenkte han på naboen. Selv om jaktlaget kunne skyte flere dyr, ga de seg etter å ha fått det ene, da hadde de oppnådd det de hadde ambisjoner om i år. I tillegg hadde de hatt en sosial og hyggelig samling etter jakta, lapskaus fra Nøding er godt i en sulten skrott.

I kveld deler jeg bildet her på bloggen av resultatet av årets elgjakt i vårt kjøleskap og ser fram til noen gode elgbaserte måltider  utover høsten.

elgkjott

Dikt og slikt

Share

Når du blir pensjonist, må du skape deg ditt eige liv utanfor arbeidsplassen du hadde. I mitt tilfelle må eg gjere det på ein annan stad også, og det tek tid.

To av dei tiltaka eg gjer for å halde kontakten med det miljøet eg reiste frå, er å skrive denne bloggen og å skrive på Setesdalswiki. For skrive kan eg, sjølv om eg er blitt pensjonist.

Difor var det hyggeleg å få spørsmål om å skrive jolebordsong til Valle kommune sitt jolebord i år også. Det har etter kvart blitt ein tradisjon å skrive ein song der eg tek med eitt og anna frå året som gjekk, ei slags årsmelding på rim. Stor poesi er det vel ikkje, men slike songar er som regel ikkje det.

Eg las jo i avisa i går om at Valle kommune går på eit milliontap med nye skattereglar. Men ettersom eg har fått spørsmål om å skrive song, ser det ut til at dei held på å invitere dei tilsette til jolebord, og det er i alle fall hyggeleg. 2. desember er datoen, så det er vel bare å notere seg det i kalenderen. Snart er det november, og den brukar å gå fort, så før ein veit ordet av det, er det desember og tid for ein song.

Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad

Noko gjekk skeis

Share

Eg hadde tenkt å høyre på Valle Radio i kveld, men noko gjekk skeis, så det var ikkje respons då eg klikka på lenka. Eg er for lite flink til å finne ut kva som var feilen, men det var nok min datamaskin som ikkje ville samarbeide.

Då tenkte eg at eg kunne i alle fall utnytte litt av tida til å skrive ein artikkel om ein gjest som hadde rød lenke i artikkelen om programmet, så eg skreiv om Ingeborg Mongstad-Kvammen, generalsekretær i Bibelselskapet sidan 2011. Ho hadde ikkje artikkel på Wikipedia, og eg kunne jo skrive artikkelen der, men av og til verkar det som om wikipediasamfunnet ikkje heilt heng med i svingane når det gjeld kven dei skal ha artiklar om. Men det skal eg ikkje skrive meir om her.

Sjølv om dottera ikkje har artikkel på Wikipedia, så har far hennar det. Bakgrunnen for det er at Roald Kvammen overvintra aleine på Svalbard vinteren 1947-48. Karthon Håland skreiv bok om han, den heiter Alene i isødet og kom ut på Luther forlag i 1976. Eg hadde Roald Kvammen som lærar i sjuande klasse. Det som gjekk skeis for han var at han vart sett i land i Hornsund sør på Spitsbergen for å sanke drivved for vinteren. Ein erfaren fangstmann skulle komme etter, men han vart sjuk, så kom isen og ingen båt kunne komme inn til området. Dermed måtte han bli der aleine heile vinteren.

Eg visste at eg hadde boka ein stad, så eg måtte på leiting i bokhylla. Sanneleg fann eg den også og fekk bla litt i den før eg sette meg til å skrive bloggen. Den er på 200 sider og kan finnast på antikvariat.

Det som er viktig når noko går skeis, er å gjere det beste ut av situasjonen.

alene-i-isodet

Siste radioveke i oktober 2016

Share

Så er vi komne til siste radioveke i oktober 2016.  Her er programmet for Valle Radio denne veka:

Tysdag 25. oktober
Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel med Leif Holthe (Norea)
18.30 Sangtimen
19.30 Aktuell time

20.30 Postludium

21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 26. oktober
Teknikar: Jørund Georg Jore
18:00 Møte i Valle kommunestyre

Sjølv starta eg denne veka med å gå på møte i Mandal KrF på SKAP kreative folkehøgskole i kveld. Der fekk vi orientering om SKAP,  sang ved Elia Ardiles – og  åpningsord ved Gunnar Skaar. KrF-lagene i Marnardal og Lindesnes er invitert til å være med på møtet.

Fylkesvaraordfører Tore Askildsen ledet møtet.
Kveldens hovedattraksjon var partileder Knut Arild Hareide, som hadde eit interessant og perspektivrikt foredrag om kva partiet har fått gjennom både dei siste åra og tidlegare. Han peika på at sjølv om partiet har mindre oppslutning på meiningsmålingar no enn i storhetstida, er det ingen grunn til å gje opp kampen for menneskeverd i alle sider av politikk og samfunn. Eit førtital tilhøyrarar var godt nøgde med programmet, både folkehøgskulen sitt innslag, sangen og foredraget gav grunnlag for tanke og tru.

Endra framside

Share
Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad

I kveld endra vi framsida på Setesdalswiki. I lang tid har vi no hatt ein utvald artikkel og eit utvald bilete på framsida. No har vi endra det slik at det er det som hender den aktuelle datoen som fyller framsida.

Bakgrunnen for endringa er at det forrige opplegget krevde at nokon gjekk inn og endra bilete og utvald artikkel. Då måtte vi finne ein artikkel og lage noko kode, slik at begynnelsen kom på framsida.

Etter kvart har eg kome til at det beste er å automatisere mest mogleg av framsidestoffet. Ved å bruke datoartikkelen på framsida, vil framsida ha ny artikkel kvar dag. Før var det dagar med lite stoff i datoartiklane, av og til var det til og med dagar utan hendingar på den aktuelle datoen. Det er det lenge sidan vi har opplevd no. Når heile Setesdal og store deler av indre Agder er teke med, vil det som oftast vere noko i datoartiklane.

Ein nettstad utviklar seg på ulikt vis. Om vi ser på nettstader som brukar mediawiki, har mange av dei den modellen som vi går bort frå. Wikipedia-familien har nytta seg av slike framsider lengei ulike former. Men Setesdalswiki har utvikla seg litt annleis enn mange av dei nasjonale leksika i familien. Særleg opplevde vi det då vi la inn datoartiklar som leksikonartikar. Med datoartiklar kunne vi få til eit system som fanga opp fødselsdagar og dødsdagar. I denne samanheng kunne vi så få bursdagsoversikt, når vi har fødselsdagen, genererer datamaskinen ei liste over fødselsdagar og plasserer den på framsida. Slik vil det framleis vere.

Vonleg vert ikkje Setesdalswiki mindre brukarvennleg med denne endringa. Om du som les artiklar på Setesdalswiki, har noko du vil få med i oversikta, er det bare å registrere seg og legge det inn på den aktuelle datoen. Alle kan bidra til å gjere leksikonet best mogleg.

Utan fiber

Share

I går klokka 16 mista vi fiberforbindelsen til Internett, TV og telefon. Det er nokre år sidan vi la inn dette, og det har blitt som straum og vatn, vi treng det i huset for at ting skal fungere.

Etter å ha chatta med nextgentel i går fekk eg vite at det skulle bli reparert i løpet av natta eller føremiddagen i dag. Men nei, det var nok for optimistisk. I dag chatta eg med dei att, då skulle det vere ordna til klokka 16:04. Då det ikkje var ordna til klokka 20:04 ringte eg til dei og venta i telefonen i 40 minutt før dei svarte. Ei fin jente, ville Øystein ha sagt, han seier gjerne det om vennelege folk i andre enden når han snakkar i telefonen, sa at ho kunne ringe meg tilbake, så vart det ikkje så dyrt for meg. Svaret hennar kom ein halv time seinare, etter at ho hadde fått informasjon frå teknisk avdeling om at det var eit stort brot, og dei visste ikkje kva tid det kunne bli retta.

-Kvifor legg det ikkje ut driftsmelding på heimesida dykkar, då kunne de spart mange folk for frustrasjonar i chatting og venting i telefonen? spurde eg.

-Er det ikkje informasjon der? svarte ho. -Det skal eg seier frå om.

Nextgentel scora ikkje høgt på kundeundersøking hos meg i kveld. At eg ikkje fekk høyre sendinga i Valle Radio, var sikkert eit lite problem, samanlikna med andre problem i samfunnet. Men når ein er van med å ha breidband, er det eit stort sakn å ikkje ha det. Mitt vesle mobile breidband kan ikkje måle seg med fiberlinja vår.

Sjølv om eg ikkje fekk høyre kveldens sending, kan eg ta med programma i Valle radio denne veka her på bloggen:

Tysdag 18. oktober

Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel med Leif Holthe (Norea)
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Et spennede liv
19.30 Klangohalvtimen
20.00 Møteplassen, gjenhøyr med Sigbjørn Ravnåsen (Norea 2012)
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland og Henrik West
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 19. oktober

Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen

19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Torleif Homme
20.00 Siris time
21.00 Temasending med Ørnulf Hasla

Bursdagsgaven

Share

bursdagsgaven

Bursdagsgaven er ein roman av Sue Monk Kidd. Eg visste veldig lite om slaveriet i USA før eg starta å lese denne romanen, som handla om ei kvinne som gjorde mykje for å få slutt på slaveriet, Sarah Grimké (1792-1873). Ho vaks opp på ein plantasje i Charleston og fekk sin personlege slave som bursdagsgave då ho var 11 år, slaven Handful, som var like gammal som Sarah.

I romanen skildrar Sue Monk Kidd livet til dei to kvinnene. Etter kvart vert Sarah sterk motstandar av slaveriet og gjer så mykje skam på familien at ho må flytte nordover, bort frå områda der slavehald er grunnleggjande for økonomi og velstand. Ho møter kveker-rørsla og engasjerer seg der, ho vil gjerne bli kvekarprest, men det er ikkje råd, for ho er jo kvinne. Dette fører til at ho engasjerer seg for kvinnesaka også, noko som ikkje er så lett for dei ho har rundt seg. Slaven Hetty lærer å lese, noko som fører til mange problem for henne og til slutt ender med at ho rømer saman med Sarah.

Forfattaren Sue Monk Kidd (1948- ) er sjukepleiaren som vart romanforfattar. Ho skreiv romanen Bienes hemmelige liv som kom ut i 2002. Den vart ein bestseljar, og også Busdagsgaven gjekk rett inn på toppen av bestsjeljarlista til New York Times.

Eg las boka Bienes hemmelige liv for nokre år sidan og vart gripen av den gode forteljinga. Bursdagsgaven er ikkje mindre god, av og til kan ein undre seg over om ikkje livet er minst like mangfaldig som diktninga. Boka er tilgjengeleg som e-bok, så du kan laste henne ned frå biblioteket heile døgnet, og så er det bare å begynne å lese. I ein mørk oktoberkveld er det fint å ha ei god bok på nettbrettet.

Halfdan Kjerulf i ord og toner

Share

I kveld var Sølvstrupene og Vest-Agder kammerkor i Mandal kirke med et program med musikk av komponisten Halfdan Kjerulf (1815-1868). Dirigenten Bryan D. Breidenthal skriver i programheftet:

I blant oppdager man en kulturskatt som man blir helt betatt av. Slik var det med musikken til Halfdan Kjerulf. Mens jeg studerte sang- og klaverskattene til Schubert og Schumann, oppdaget jeg en norks komponist som hadde gått i deres fotspor og samtidig lagt grunnlaget for en norsk sang-, klaver- og kortradisjon.

Da jeg så i programmet, så jeg at dette var musikk som så visst ikke var ukjent. Innledningsnummeret Brudefærden i Hardanger kjente jeg som mannskorsang fra sangerstevne på Stokmarknes for nesten 40 år siden:

Der aander en tindrende Sommerluft
Varmt over Hardangerfjords Vande,
Hvor høit mod Himlen i blaalig Duft
De mægtige Fjelde stande.

Det skinner fra Bræ, det grønnes fra Li,
Sit Helligdagsskrud står Egnen klædt i –
Thi se! over grønklare Bølge
Hjemglider et Brudefølge.

Ola Glomstulen og Og reven lå under birkerot, Eg ser deg utfor gluggen og Nu takk for alt i fra vi var små, ble brukt som allsanger i kveld, og de var kjente og kjære helt fra ungdomstiden

Men det var også verk jeg ikke hadde hørt før: Troubadouren til tekst av Welhaven, En lilje stiger stille og Fra min ungdomstid. Så var det også en tekst jeg kjente til en annen melodi: Tordiveln og fluga.

Det hele ble avsluttet med Jubilate, den ble fremført av stort felleskor, akkurat som Brudefærden.

Den som kanskje gjorde mest inntrykk i kveld, var Herr, ich rufe zu dir, en motett som knyttet linjer tilbake til Bachs musikk og som også hadde et annet tonespråk enn det øvrige repertoaret. Kjerulf behersket også å komponere i denne stilen, selv om hans verker nok er mer preget av at han var dirigent i Den norske Studentersangforening.

Den latviske pianisten Ilze Januzeme presenterte pianostykker av Kierulf. Henne kjenner jeg som en strålende pianist fra sommerkonsert i Lyngdal kirke, og det var hun også i kveld, direkte fra Vancouver i Canada for å bidra til konsertene. I går ble programmet fremført i Kilden i Kristiansand og i ettermiddag var de i Kvinesdal.

Når du ser på bildet under, kan du merke at det åndet en tindrende sommerduft, i alle falle et strålende sommerlys over koret i Mandal kirke denne høstkvelden. Over 100 tilhørere hadde funnet veien til konserten, og de belønnet korene med stor applaus. Ilze, Bryan og dirigentene Anne Haugland Balsnes og Bodil Kvernenes Nørsett samt konferansier Petter Hangeland fikk blomster av organist Tormod Lindland, som fortalte at dette var høsten første arrangement i kirkens program kirke, kunst og kultur.

kierulfkonsert

Heroisk musikk

Share
Stearinlys i vindauga skapte stemning på konserten i dag
Stearinlys i vindauga skapte stemning på konserten i dag. Foto: Knut Olav Uppstad

I dag var det mykje ein kunne oppleve i Setesdal. På Hovden var det Setesdalsgildet, på Ose var det mållagsseminar og i Valle var det opning av ny parsell på Riksveg 9. I samband med kulturveka var det show av elevar på Setesdal folkehøgskule, konsert i Valle kyrkje og allidrettskveld i Vallehalli.

Eg fekk tilsendt programmet for konserten i Valle kyrkje frå Knut Olav Uppstad og tenkte eg kunne dele den på bloggen i kveld.

  • Gianbattista Martini (1706-1784): Toccata i D
  • Egil Hovland (1924-2013): Cantus X. Opus 168
  • Johann Sebastian Bach (1685-1750): Wachet auf ruft uns die Stimme. BWV 645
  • John Stanley (1712-1786): Vivace fra Trumpet Voluntary i D
  • Felix Mendelssohn Bartholdy: Sonate III i c-moll: Grave, Adagio, Allegro maestoso et vivace, Allegro moderato
  • Carl gustav Sparre Olsen (1903-1984): Canto amoroso. Opus 3, nr.1
  • Rolf Walin (1957- ): Elegi
  • Bjarne Sløgedal (1927-2014): Variasjoner over folketonen Å hvor salig det skal blive: Koral – Song – Fløyteljod – Langeleik – Frygdesong
  • Georg Filipp Telemann (1681-1767): Heroisk musikk: Maestoso, Grazioso, Con bravura, Tranquillo, Bellicoso, Amoroso, Sostenuto, Giocoso, Con dulcezza, Risoluto, Con spirito

Noko av denne musikken fekk vi og høyre då Henrik West hadde Postludium i Valle Radio tysdagskvelden.