Stort spenn

Share
Fin haustdag i Valle 4. oktober 2016. Foto: Britta Lise Homme
Fin haustdag i Valle 4. oktober 2016. Foto: Britta Lise Homme

Kveldens sending i Valle Radio hadde stor spennvidde. Vi møtte organisasjonen Åpne dører, israelsvennen og folkehøgskulerektoren Harry Wiig Andersen, engelsk klassisk musikk og country gospel.

Sjølv om Valle Radio er ein lokalradio, er ikkje tema nødvendigvis alltid lokale. I programmet Møteplassen frå Norea har vi gjennom åra møtt mange ulike folk. Folkehøgskolerektoren som har vore 100 gonger i Israel var interessant å møte, han hadde vore ordførar i12 år og formann i landsstyret for Den indre Sjømannsmisjon. Han fortalde også om sjukdom og legedom og om arbeidet for å prøve å få til ein folkehøgskule i Gaza for arabiske og jødiske ungdommar.

Når eg ser oversikten over programmet slik Siri Johannessen har lagt det ut på Setesdalswiki, slår det meg at den som høyrer på ei tysdagssending i Valle Radio, får mange impulsar både for tru og tanke.

Når ein så kjem til siste programposten, Kyrkjebakken, så vert det henta fram informasjon om mangt og mykje frå heile Setesdal. Det er fotballkamp og folkemusikk, kristelege møte og kulturveke, basarar og ungdomskveldar. I løpet av ei oktoberveke skjer det mykje i Setesdal, også det med stor spennvidde. Og det som kjem fram i ei slik oversikt, er truleg bare litt av alt som føregår.

I Postludium kom Niklos K. Besteland med ein kommentar om orgelmusikk i media. Siri kommenterte den flotte musikken, om eg ikkje høyrde feil, var det første stykket i kveld blitt spelt i kongeleg bryllup i Nidarosdomen, og sa at det ikkje er ofte ein høyrer slik majestetisk musikk i radio. -Det er bare i Valle Radio ein kan høyre slik musikk, sa Niklos, som i kveld presenterte musikk av engelske komponistar.