Ikkje bare gamle fjell

Share
Slagsmål i gjestebud. Kopi av Gustav Wentzel sitt bilete på Brottveit, fått frå Leonard Jansen
Slagsmål i gjestebud. Kopi av Gustav Wentzel sitt bilete på Brottveit, fått frå Leonard Jansen

Setesdal er ikkje bare gamle fjell, men også gamle bygningar. I Fædrelandsvennens God helg i går var det reportasje frå Brottveit, stølen Juv, Helle, Heimigard og Haugenloftet i Åraksbø. I Agder er det 23 freda bygg frå middelalderen, 20 av dei er i Aust-Agder og 16 i Setesdal. 12 i Valle, tre i Bygland og ein i Bykle, les eg i Johs. Bjørkeli sin artikkel.

Artikkelen får fram at samarbeidet med riksantikvaren er godt, vern gjennom bruk er beste måten å ta vare på slike gamle bygningar på. Kunstarar har måla mange av dei gamle bygningane. Eit slikt maleri er Slagsmål i gjestebud av Gustav Wentzel. Eg bruker det på bloggen i kveld, det var med i den digitale versjonen av artikkelen om dei gamle husa, for motivet er frå Brottveit. Ein kopi av maleriet heng i stua til Magnhild Tveit og Ola Brottveit. Det er altså ikkje bare Øystein Berg som har maleri av Gustav Wentzel i huset sitt i Setesdal. Jamfør det eg skreiv på bloggen 9. juli i år.