Ein etter far

Share

etter-ein-far

Ein etter far er debutplata til Raabygg, bandet som Sigrid Kjetilsdotter Jore har samen med Johanne Flottorp og Tuva Færden. Plata presenterer folkemusikk frå Agders indre bygder i litt ny form. Musikken har eit stort spekter, og gruppa tek føre seg gangarar, springarar, brureslag, religiøse folketonar, bånsullar og all slags runddans. I den eine augneblinken spelar gruppa forrykande rilar, medan dei i den neste syng ein dyster brureslått a capella, heiter det i ein omtale.

I går, i tysdagssendinga i Valle Radio, deltok Sigrid i samtale med Siri Johannessen om at dei skal lansere plata i ein konsert på Riksscenen i morgon. Ho har hatt eit svært hektisk program ein periode no, men opplever at det er moro å vere i vinden med musikken sin. I slutten av oktober skal Raabygg også delta på Sørveiv.

Vi ønskjer lukke til med lanseringa.