Kulturkveld og haustseminar

Share
Yasmin Syed kjem til Ose i morgon.
Yasmin Syed kjem til Ose i morgon.

I morgon er det kulturkveld for Bygland Mållag og Mållaga på Agder. Det skjer i Ose grendehus klokka 19.30 og på programmet står foredrag av Yasmin Sayed og Martin Skjekkeland. I tillegg vert det folkedans av Austad leikarring og pianospel av Andrea Maini og god, lokal mat. Dagen etter, laurdag 15. oktober, er det haustseminar med fokus på kva som skjer med dialektane i Norge. Det tek til klokka 10 og varer tre timar.

Etter kvart som utviklinga av Setesdalswiki har gått, har nettleksikonet endra litt karakter. Medan eg den første tida tenkte at folk måtte bu i Setesdal for å få artiklar, har eg etter kvart gått over til også å skrive om folk som deltek på arrangement i Setesdal. Det var jo naturleg i høve til Setesdalskonferansen, som var utgangspunktet for leksikonet. Men det er jo naturleg å likestille andre arrangement i så måte. Då vi også tok til å skrive inn overskriftene frå Setesdølen, kom det jo også artiklar om folk som var på besøk i Setesdal, og dermed kom det artiklar om dei også. Difor er det i dag til og med artiklar om folk som har artiklar på Wikipedia, for artiklane der seier ikkje noko om at dei har vore i Setesdal på ett eller anna arrangement.

Ikkje minst vart våre oversikter over kva som skjer i Setesdal ei kjelde til å lage slike artiklar. Når vi skriv om arrangement og tek med foredragshaldarar eller musikarar, så kan det fort inspirere til å lage artiklar. Men det fører også til at vi har mange røde lenker, så om fleire vil bli med å skrive, er det god plass til skriveglade folk i alle aldrar.

Så tilbake til kulturkvelden. Yasmin Syed, som for øvrig var kanalvert på NRK i dag, studerte musikk, teater og dans med fordjuping i sang på Pacific Lutheran University i Tacoma, Washington. For nokon av dykk som les dette, vil det vere eit kjent namn, det er universitetet som vart grunnlagd av valldølen Bjug Harstad og tok imot dei første studentane i 1894. Han har for øvrig artikkel på engelsk Wikipedia, men ikkje på norsk og heller ikkje på Setesdalswiki, så der står det ein ny artikkel og ventar på å bli skriven. Bjug Harstad utvandra frå Valle i 1861, tolv år gammal. Han studerte teologi og vart prest i USA. Han døydde i 1933, eg lurer jo på om han nokon gong var tilbake i gamlelandet.

Når ein skriv leksikon, finn ein ofte at alt heng saman med alt. Det synest eg er moro, men naturleg nok tek det tid når ein tek til å fylgje ein assosiasjonstråd. Om eg hadde late vere å gjere det, ville det nok blitt fleire artiklar, men ikkje så interessant å halde på. Og ettersom det er lysten som driv verket, så får det gå litt seinare når avstikkarane blir mange.