Noko gjekk skeis

Share

Eg hadde tenkt å høyre på Valle Radio i kveld, men noko gjekk skeis, så det var ikkje respons då eg klikka på lenka. Eg er for lite flink til å finne ut kva som var feilen, men det var nok min datamaskin som ikkje ville samarbeide.

Då tenkte eg at eg kunne i alle fall utnytte litt av tida til å skrive ein artikkel om ein gjest som hadde rød lenke i artikkelen om programmet, så eg skreiv om Ingeborg Mongstad-Kvammen, generalsekretær i Bibelselskapet sidan 2011. Ho hadde ikkje artikkel på Wikipedia, og eg kunne jo skrive artikkelen der, men av og til verkar det som om wikipediasamfunnet ikkje heilt heng med i svingane når det gjeld kven dei skal ha artiklar om. Men det skal eg ikkje skrive meir om her.

Sjølv om dottera ikkje har artikkel på Wikipedia, så har far hennar det. Bakgrunnen for det er at Roald Kvammen overvintra aleine på Svalbard vinteren 1947-48. Karthon Håland skreiv bok om han, den heiter Alene i isødet og kom ut på Luther forlag i 1976. Eg hadde Roald Kvammen som lærar i sjuande klasse. Det som gjekk skeis for han var at han vart sett i land i Hornsund sør på Spitsbergen for å sanke drivved for vinteren. Ein erfaren fangstmann skulle komme etter, men han vart sjuk, så kom isen og ingen båt kunne komme inn til området. Dermed måtte han bli der aleine heile vinteren.

Eg visste at eg hadde boka ein stad, så eg måtte på leiting i bokhylla. Sanneleg fann eg den også og fekk bla litt i den før eg sette meg til å skrive bloggen. Den er på 200 sider og kan finnast på antikvariat.

Det som er viktig når noko går skeis, er å gjere det beste ut av situasjonen.

alene-i-isodet