Bursdagsgaven

Share

bursdagsgaven

Bursdagsgaven er ein roman av Sue Monk Kidd. Eg visste veldig lite om slaveriet i USA før eg starta å lese denne romanen, som handla om ei kvinne som gjorde mykje for å få slutt på slaveriet, Sarah Grimké (1792-1873). Ho vaks opp på ein plantasje i Charleston og fekk sin personlege slave som bursdagsgave då ho var 11 år, slaven Handful, som var like gammal som Sarah.

I romanen skildrar Sue Monk Kidd livet til dei to kvinnene. Etter kvart vert Sarah sterk motstandar av slaveriet og gjer så mykje skam på familien at ho må flytte nordover, bort frå områda der slavehald er grunnleggjande for økonomi og velstand. Ho møter kveker-rørsla og engasjerer seg der, ho vil gjerne bli kvekarprest, men det er ikkje råd, for ho er jo kvinne. Dette fører til at ho engasjerer seg for kvinnesaka også, noko som ikkje er så lett for dei ho har rundt seg. Slaven Hetty lærer å lese, noko som fører til mange problem for henne og til slutt ender med at ho rømer saman med Sarah.

Forfattaren Sue Monk Kidd (1948- ) er sjukepleiaren som vart romanforfattar. Ho skreiv romanen Bienes hemmelige liv som kom ut i 2002. Den vart ein bestseljar, og også Busdagsgaven gjekk rett inn på toppen av bestsjeljarlista til New York Times.

Eg las boka Bienes hemmelige liv for nokre år sidan og vart gripen av den gode forteljinga. Bursdagsgaven er ikkje mindre god, av og til kan ein undre seg over om ikkje livet er minst like mangfaldig som diktninga. Boka er tilgjengeleg som e-bok, så du kan laste henne ned frå biblioteket heile døgnet, og så er det bare å begynne å lese. I ein mørk oktoberkveld er det fint å ha ei god bok på nettbrettet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *