Det er makt i de foldede hender

Share

 

kai-stoveland-cropped
Kai Stoveland. Foto: Harald Haugland

I går var eg på formiddagstreff på Mandal bedehus. Dei brukar å ha ei slik samling første torsdag i kvar månad, og i går var det Gunhild Aabel som hadde andakt og Kai Stoveland som song med kona Berit ved pianoet.

Han hadde funne songar av Trygve Bjerkrheim og fortalde litt om songane i tillegg til å syngje, og det er jo alltid litt ekstra interessant når ein får litt av bakgrunnen for ein sang. Ein av songane han hadde med, var den som har gitt overskrift for bloggen i kveld, Det er makt i de foldede hender.

Om denne sangen fortalde han at redaktøren av Misjonssambandet sitt blad Utsyn skreiv han i 1955 og at melodien var  laga av Indremisjonsselskapet sin musikksekretær Øyvind Tønnessen. Eg møtte begge desse i min ungdom, så det var jo gildt å bli minna på desse fine medarbeidarane i Guds rike.

Men så fortalde han at bakgrunnen for sangen var nokre ord som han hadde notert ned på eit kort frå ein tale som Jon Berg hadde halde i 1954: Fronten med dei falda hendene er den veldige stormakt i verda. Desse orda hadde så arbeidd i tankane til Bjerkrheim, og sommaren etterpå skreiv han første og siste verset av sangen. Sidan vart han oppfordra av ein offiser i Frelsesarmeen til å skrive det som er blitt vers to: Du som ber for ditt barn, dine kjære.

Sangen var veldig mykje spelt i ønskekonserten i mange år. Den er omsett til islandsk, finsk, svensk, esperanto, engelsk og tysk, les eg i Lundes sang- og salmeleksikon.

Då Kai Stoveland fortalde det, gjekk tankane mine tilbake til Setesdal. Jon Berg var frå Berg i Hylestad og far til min gode kollega Øystein Berg.

Her er teksten:

Det er makt i de foldede hender.
I seg selv er de svake og små,
men mot allmaktens Gud du dem vender.
Han har lovet at svar skal du få.

Ref :
Det er svar underveis, engler kommer med bud.
Om det drøyer, det fram dog skal nå,
for det lovet jo løftenes trofaste Gud.
Kall på meg, og du hjelpen skal få.

Du som ber for ditt barn, dine kjære,
er i forbønn fra år og til år
Om du tålmodets lekse må lære,
himlens bønnesvar engang du får.

Det er makt i de foldede hender
Når i Frelserens navn du får be
Og engang når du livsløpet ender
Hvert et bønnesvar klart skal du se.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *