Dikt og slikt

Share

Når du blir pensjonist, må du skape deg ditt eige liv utanfor arbeidsplassen du hadde. I mitt tilfelle må eg gjere det på ein annan stad også, og det tek tid.

To av dei tiltaka eg gjer for å halde kontakten med det miljøet eg reiste frå, er å skrive denne bloggen og å skrive på Setesdalswiki. For skrive kan eg, sjølv om eg er blitt pensjonist.

Difor var det hyggeleg å få spørsmål om å skrive jolebordsong til Valle kommune sitt jolebord i år også. Det har etter kvart blitt ein tradisjon å skrive ein song der eg tek med eitt og anna frå året som gjekk, ei slags årsmelding på rim. Stor poesi er det vel ikkje, men slike songar er som regel ikkje det.

Eg las jo i avisa i går om at Valle kommune går på eit milliontap med nye skattereglar. Men ettersom eg har fått spørsmål om å skrive song, ser det ut til at dei held på å invitere dei tilsette til jolebord, og det er i alle fall hyggeleg. 2. desember er datoen, så det er vel bare å notere seg det i kalenderen. Snart er det november, og den brukar å gå fort, så før ein veit ordet av det, er det desember og tid for ein song.

Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *