Endra framside

Share
Foto: Brit Obrestad
Foto: Brit Obrestad

I kveld endra vi framsida på Setesdalswiki. I lang tid har vi no hatt ein utvald artikkel og eit utvald bilete på framsida. No har vi endra det slik at det er det som hender den aktuelle datoen som fyller framsida.

Bakgrunnen for endringa er at det forrige opplegget krevde at nokon gjekk inn og endra bilete og utvald artikkel. Då måtte vi finne ein artikkel og lage noko kode, slik at begynnelsen kom på framsida.

Etter kvart har eg kome til at det beste er å automatisere mest mogleg av framsidestoffet. Ved å bruke datoartikkelen på framsida, vil framsida ha ny artikkel kvar dag. Før var det dagar med lite stoff i datoartiklane, av og til var det til og med dagar utan hendingar på den aktuelle datoen. Det er det lenge sidan vi har opplevd no. Når heile Setesdal og store deler av indre Agder er teke med, vil det som oftast vere noko i datoartiklane.

Ein nettstad utviklar seg på ulikt vis. Om vi ser på nettstader som brukar mediawiki, har mange av dei den modellen som vi går bort frå. Wikipedia-familien har nytta seg av slike framsider lengei ulike former. Men Setesdalswiki har utvikla seg litt annleis enn mange av dei nasjonale leksika i familien. Særleg opplevde vi det då vi la inn datoartiklar som leksikonartikar. Med datoartiklar kunne vi få til eit system som fanga opp fødselsdagar og dødsdagar. I denne samanheng kunne vi så få bursdagsoversikt, når vi har fødselsdagen, genererer datamaskinen ei liste over fødselsdagar og plasserer den på framsida. Slik vil det framleis vere.

Vonleg vert ikkje Setesdalswiki mindre brukarvennleg med denne endringa. Om du som les artiklar på Setesdalswiki, har noko du vil få med i oversikta, er det bare å registrere seg og legge det inn på den aktuelle datoen. Alle kan bidra til å gjere leksikonet best mogleg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *