Mannsdominans?

Share
untitled
Her er det tre menn, ei kvinne, ein hest og ei dokke på framsida av Setesdølen.

I dag dukka det opp ein kommentar på Facebook om mannsdominans i Setesdal. Det var i samband med styret i Setesdal Regionråd, som består av 8 menn. Sjølv om dei har ei kvinne som dagleg leiar, skulle det jo vore meir likestilling i styret. Men ettersom styret består av ordførar og varaordførar, er det utan kvinner i denne perioden.

I samband med denne kommentaren dukka det og opp ein kommentar om at det var 90%mannsdominans på bileta i Setesdølen. Det fekk meg til å sjå litt ekstra på bileta sist veke, og då talde eg på framsida i både tysdagsavisa og fredagsavisa seks menn og to kvinner. Det gir 67%. På facebook samanlikna eg med to utgåver av Fædrelandsvennen, dei hadde sju menn, ei kvinne og to barn på framsida tysdag og torsdag i sist veke.

Eg er ikkje sikker på om mannsdominansen i Setesdølen er så høg som 75% om ein ser over ein månad, men det kan du gjere når det gjeld framsidene ved å gå til Kategori:Setesdølens forside på Setesdalswiki.  Der er det bilete av alle framsidene, så kan du telje sjølv.

Om ein reknar med det som er inne i bladet, er Setesdølen kjent for å ha mange bilete frå ulike kulturelle hendingar, og som oftast er det ein god del kvinner på dei bileta, det er i alle fall mitt inntrykk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *