Utan fiber

Share

I går klokka 16 mista vi fiberforbindelsen til Internett, TV og telefon. Det er nokre år sidan vi la inn dette, og det har blitt som straum og vatn, vi treng det i huset for at ting skal fungere.

Etter å ha chatta med nextgentel i går fekk eg vite at det skulle bli reparert i løpet av natta eller føremiddagen i dag. Men nei, det var nok for optimistisk. I dag chatta eg med dei att, då skulle det vere ordna til klokka 16:04. Då det ikkje var ordna til klokka 20:04 ringte eg til dei og venta i telefonen i 40 minutt før dei svarte. Ei fin jente, ville Øystein ha sagt, han seier gjerne det om vennelege folk i andre enden når han snakkar i telefonen, sa at ho kunne ringe meg tilbake, så vart det ikkje så dyrt for meg. Svaret hennar kom ein halv time seinare, etter at ho hadde fått informasjon frå teknisk avdeling om at det var eit stort brot, og dei visste ikkje kva tid det kunne bli retta.

-Kvifor legg det ikkje ut driftsmelding på heimesida dykkar, då kunne de spart mange folk for frustrasjonar i chatting og venting i telefonen? spurde eg.

-Er det ikkje informasjon der? svarte ho. -Det skal eg seier frå om.

Nextgentel scora ikkje høgt på kundeundersøking hos meg i kveld. At eg ikkje fekk høyre sendinga i Valle Radio, var sikkert eit lite problem, samanlikna med andre problem i samfunnet. Men når ein er van med å ha breidband, er det eit stort sakn å ikkje ha det. Mitt vesle mobile breidband kan ikkje måle seg med fiberlinja vår.

Sjølv om eg ikkje fekk høyre kveldens sending, kan eg ta med programma i Valle radio denne veka her på bloggen:

Tysdag 18. oktober

Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel med Leif Holthe (Norea)
18.30 Aktuell halvtime
19.00 Et spennede liv
19.30 Klangohalvtimen
20.00 Møteplassen, gjenhøyr med Sigbjørn Ravnåsen (Norea 2012)
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland og Henrik West
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 19. oktober

Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen

19.00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Torleif Homme
20.00 Siris time
21.00 Temasending med Ørnulf Hasla

Ein tanke om “Utan fiber”

  1. har prøvd å nå deg – la ut programmet slik det ble på swiki, men det mangler visst en del lenker der 🙁 Lykke til med nextgentel!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *