Vegrelatert

Share
Noko av traseen på Kveste.
Noko av traseen på Kveste.

Kveldens program i Valle Radio var vegrelatert. Klokka 19 snakka Steinar Kyrvestad om opninga av parsellen Sandnes-Harstadberg. Den skal opnast laurdag 15. oktober av sjølvaste samferdselsminister Kjetil Solvik-Olsen. Han har med seg Ingebjørg Godskesen, ho har verkeleg stått på for å få gul stripe til Hovden saman med mange andre aktørar.

Deretter snakka Sigurd Wiberg, som er prosjektleiar i Statens Vegvesen for riksveg 9. Han kunne fortelje at neste veke er det byggestart på Skomedal. Medan store deler av parsellen Sandnes-Harstadberg har blitt bygd der trafikken går, og dermed har ført til venting for trafikantar, meinte han at på Skomedal ville trafikantane merke lite til bygginga, for vegen skal byggjast oppe i lia og vil ikkje påverken noverande veg særleg før ein kjem nord for sjølve Skomedal. No vil det kanskje bare bli stopp nokre minutt ved sprenging, og det er planlagt sprenging eit par gonger i veka. Denne parsellen skal stå ferdig om eit år, i oktober 2017.

Når parsellen på Sandnes er ferdig, er det praktisk talt gul stripe på riksveg 9 i Valle kommune. Så når Skomedal er slutt, står det att arbeid i Bykle. Det var interessant å høyre Steinar Kyrvestad fortelje at noko av bakgrunnen for prosjektet låg hos direktøren på Ullensvang Hotell i Hardanger. Han hadde meint at om ikkje vegen vart betre gjennom Setesdal, ville turistar som skulle til fjordane på Vestlandet, heller kjøre gjennom Sverige når Øresundbroen var ferdig. Med gul stripe til Haukeli treng dei ikkje det.

Så blir det spennande å sjå korleis Jon Rolf Næss klarar å vere med på opninga av vegen klokka 10.45 og deretter rekke opninga av Setesdalsgildet på Hovden klokka 12. Då må han anten ha politieskorte frå Sandnes, eller så må han få ein tur i helikopteret til Torfinn Brokke.

 

Ein tanke om “Vegrelatert”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *