Hjertets sanger

Share
kammerkonsert-buen-08112016
Torunn Irene Kristensen, Margrete Moen Birkedal, Ingrid Grøvan og Kai Stoveland i Musikkens Venner Mandal, som var lokal arrangør av konserten

I kveld droppa eg ut av amerikansk valgkamp for ei stund og tok turen til Buen kulturhus i Mandal. Der hadde sopranen Ingrid Grøvan konsert saman med Torunn Irene Kristensen på obo og pianisten Margrete Moen Birkedal. Alle utøvarane har røter i Lyngdal, dei to musikarane kom dit som ungdomar då mor deira vart organist i Lyngdal i år 2000. Eg har høyrt dei mange gonger i konsertane Sommerkveldsmusikk i Lyngdal kirke.

I Buen fekk eit trettital tilhøyrarar ein kammerkonsert med tittelen Hjertets sanger. Den var nok inspirert av ein sangsyklus som Gunnar de Frumerie laga til dikt av Olof Lagerkranz. Vi fekk høyre fire av desse songane mot slutten av konserten.

Til innleiing fortalde utøvarane litt om programmet, at det var sett saman for denne kvelden og at ideen var å finne musikk som kunne skildre ulike sider av menneskelivet, både sorg og glede kan vere hjertets sanger.

Konserten starta med fem romansar av Halfdan Kjerulf (1815-1868) Det var jo litt moro å få dei songane etter at vi hadde høyrt Sølvstrupene og VAK sitt Kjerulf-program i Mandal kirke tidlegare i haust. Synnøves sang, Venevil, Over de høie fjelde, o vidste du bare og Søvnen var verk der publikum klappa etter kvart nummer. Seinar i konserten summa vi oss litt og klappa heller etter kvar avdeling. Det opplevde eg som betre, då kunne musikken lettare nå oss.

I konseten spelte musikarane to stykke for piano og obo, eitt i kvar avdeling. Carl Nielsen (1865-1931) sitt opus 2 hadde stykkene Romanze og Humoresque, dei slo godt an.

Margrete Moen Birkedal presenterte oss for den catalanske komponisten Federico Mompou (1893-1987). Han var ukjent for dei fleste, men hans Scènes d’enfants var pianostykke med driv. Dei franske titlane Cris dans la rue, Jeux sur la plage og Jeunes files au jardin, fortel at han komponerte mykje i Frankrike sjølv om musikken også var inspirert av katalansk folkesang.

Tre songar av Vauhan Williams (1872-1958) avslutta konsertens første del: Infant Joy, The Piper og Ah! Sunflower var henta frå Ten Blake Songs.

Andre avdeling starta med norsk repertoar. Då fekk vi utdrag fra Catharinus Elling (1848-1942) sitt verk Sanger til Arne Garborgs Haugtussa: Elskhusong, Småsporven, Raadlaus og Ved Gjætlebekken. Dette var kjende tonar og hausta stor repons frå publikum. Det same gjorde Margrete Moen Birkedals framføring av Claude Debussy (1862-1918) sitt verk Doctor Gradus ad Parnassum. Om dette verket fortalde ho at det tok opp i seg mykje av dei fingerøvingane som pianistar til alle tider må gjennom, laga av komponisten Clementi. Det var virtuost framført av ein musikar som vi for det meste kjenner som akkompagnatør.

Den rollen gjekk ho inn att i då ho og Ingrid Grøvan framførte utdrag av Hjärtats sångar av Gunnar de Fumerie (1908-1987): När du sluter mina ögon, Det blir vackert der du går, Ur djupet av min själ og Som en våg. Deretter ble konserten avslutta med Violons dans le soir av Camille Saint-Saëns (1835-1921) før appalusen braka, blomar vart utdelte og folk tok seg heim i frostkalde haustkvelden.