
I går skreiv eg om nye mønster. Det var Rønnaug Fossum som designa desse mønstra på slutten av 1990-talet. Håvkrune er omtalt som ein kort jakke med knappar. Botnfargen er svart eller sauebrun.
Rønnaug Fossum hadde eit engasjement i tre år for å designe nye modellar, og det vart Plagg, Titta, Sokkeband og Boa i tillegg til Håvkrune.
Plagg er inspirert av mønsteret på hovudplagg, håvkrune har inspirasjon frå løyesaum og sokkeband har inspirasjon frå slengde sokkeband menn og kvinner bruker til å halde krotasokkane oppe med.
Reidun har strikka alle desse modellane for Setesdal Husflid.