Bror din på prærien

Share

bror-din-pa-praerien

Eg har tidlegare skrive om gleda ved å låne ebøker, og når det er is og snø og glatt ute, er det ekstra kjærkome å kunne laste ned ei ebok til nettbrettet. I fjor stod eg i kø, trur eg, for å låne Bror din på prærien av Edvard Hoem på biblioteket i Valle, men det vart det ikkje noko av.  Difor var det hyggeleg at boka var ledig som ebok.

Her er forlaget sin omtale:

Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet S/S Juno i Kristiansund, med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, sterkt prega av stunda. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota. Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet set blikket rett på han. Da han kysser den romantiske Rosa Edelblad, er det med både sterk lyst og frykt for å bli bunden. Eilert forsøker å la arbeidet styre han.
Det skal kome ei stor og gjennomgripande vending i Eilerts liv, som om han har vore på feil spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp – slik 50 000 andre nordmenn i si tid gjorde – og startar på den lange reisa til prærien i Canada. Hausten 1905 tar han land ved Eidswold (Donalda), Alberta. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han skal få sjå sonen sin att i dette livet.
Bror din på prærien er ein slektsroman og ein westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som Hoems roman frå 2014, den lovpriste Slåttekar i himmelen.

På vel 450 sider fortel Edvard Hoem både om Eilert i Amerika og familien hans i Norge. Eg slo opp litt for å finne ut stadene han skriv om, men han seier sjøl at det er dikting, det er bare noko som er fakta, men han har studert mykje for å få boka til å hange saman.

Eg gleder meg spesielt over hans skildring av Gjertines trong til å lese bøker. Denne slektningen som utvandra til Amerika og levde eit heilt spesielt liv som bondekone på prærien hadde hatt stor glede av biblioteket heime i Norge og sakna lesestoff på norsk der ho slo seg ned, så etter kvart sette ho stor pris på bøker ho fekk. Ho var for øvrig ganske så spesiell, skildringa av tida hennar som einebuar på jakt er både interessant og spesiell. Ein annan dimensjon i boka er gudstrua, det er ikkje ofte ein les ein roman der tru og tvil er så godt handsama som her.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *