Kjensler og kroppslege plager

Share

 

Vestleg medisinsk praksis har ignorert samanhengen mellom kjensler og kroppslege plager. Nyleg delte Kjellaug Rysstad ein brosjyre der det var framheva at smerter i skuldrene kunne skuldast problem med tilgjeving og ryggplager kunne skuldast økonomiske bekymringar.

I periodar har Helge slite med ryggplager, men eg trur ikkje han akkurat har økonomiske bekymringar. Eg har også periodevis vondt i ryggen, men ettersom eg har finansministeren Reidun til å bekymre seg over økonomien min, treng eg ikkje ha økonomiske bekymringar sjølv. Ikkje eingong framfor jolehandlinga treng eg det, for ho ordnar det meste og det lille eg prøver å få til, skapar få bekymringar.

Eg slo opp den lenka som Kjellaug delte. Der var det ni plager som var omtalte. Vondt i hovudet skulle ha sin årsak i suter for dagen i dag. Då burde ein setje ned tempoet og slappe av litt, ikkje bare ein dag, men kvar dag. Det er jo eit godt råd, som pensjonist kan ein jo unne seg både ein og to avslappande tur i senga eller på sofaen i løpet av dagen. Like fullt hender det at eg får vondt i hovudet, så det kan nok ha andre årsaker.

Men eg likte fokuset på at dersom ein ikkje kan tilgje, kan ein få smerter i nakken. Botemidlet var å prøve å tenkje med kjærleik på den personen det gjeld. Her har det holistiske rådet teke opp i seg visdomen som vi finn i Fader Vår: Forlat oss vår skuld, som vi og forlet våre skuldmenn, som vi lærte på skulen for svært mange år sidan. Framleis er det god lærdom å ta med seg, eg er slett ikkje sikker på om det er pensum no lenger, no skal elevar til og med droppe jolegudstenesta, i alle fall har det vore eit tema dei siste dagane.

I denne teksten var også smerter i hendene omtalt. Då vart det antyda at det kanskje var fordi ein ikkje knytta nye kontaktar og fekk nye venner å omgås, til dømes å ete lunsj saman med. Det er vel det næraste eg kjem den musearmen eg omtalte i kommentaren. Men eg har jo fått ein ny person å ete lunsj saman med, før var lunsjane mine saman med elevar og lærarar på Valle Vaksenopplæring, no er dei saman med Reidun, og sjølv om det var fint å ha mat i Valle, føler eg nok at eg no har gått eit steg oppover i så måte. Men det kan nok vere at Øystein hadde rett, han tolka det som eit teikn på sakn og lengsel.

Du får lese det sjølv. Her er lenka. Det er på engelsk, men det får så vere.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *