Kristiansand i november 2016

Share

I går var det tur for medarbeidarane i Valle Radio til Kristiansand. Avgang frå Valle klokka 9 på glatt veg, men med stødig sjåfør Rolf Erik Homme i kommunebussen. Kan hende litt ekstra på vakt då dei møtte politiet på kontroll på Mosby.

Sjølv kom eg frå Mandal, og eg kom litt for seint til å ha lunsjen saman med vallefolket. Midt på dagen parkerte eg i Parko og hufsa meg i surt regn opp til Norge, der Ingeborg stod i inngangspartiet og fekk seg litt frisk byluft etter lunsjen. Dei fleste nytta høvet til ein tur på Sandens på ettermiddagen, men det var grisever for sjølv ein kort bytur, så eg var bare ute for å flytte bilen ut av parkeringshuset i kveldinga når det ikkje lenger var parkeringsavgift i gata.

Kveldens middag på Sjøhuset vart ei fire timar lang samling med livleg prat og god mat. Dei fleste valde nok lammeskank, ingen angra på det valet. Dei fiskeglade fekk flyndre, og alle hadde ein koseleg kveld. Kåre heldt ein flott tale, Inga delte nokre morsomme sitat, elles gjekk praten om laust og fast. Sjølv lurte eg på, etter å ha høyrt på eit program i radioen då eg køyrde innover, om det kunne vere aktuelt for radioen å utvikle ein app som lyttarar kunne ha når dei ville høyre radioen på Internett. Det var ein ide som Ørnulf ville ta med seg og sjå om det kunne vere mogleg.

Ute var det kuling og rennedrev og etter kvart 10 cm snø i gatene. Eg valde å kjøre heim om kvelden og droppe overnatting denne gongen. Det vart ein forsiktig tur som i grunnen gjekk heilt greitt.

Eg er takksam for at eg fekk vere med på dette, det var hyggeleg å treffe att radiogjengen sjølv om eg ikkje lenger er så tett på arbeidet som eg var. Dei som var med: Øyvind, Rolf Erik, Ørnulf, Inga, Harald og Ronny på eine sida av bordet. Ingunn, Ingeborg, Torhild, Bitte, Liv Gunn og Kåre på andre sida.

Ronny sin tome talerken etter ein god middag på Sjøhuset
Ronny sin tome talerken etter ein god middag på Sjøhuset

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *