Leserviser

Share

alf-oftestad-synger-gamle-leser-viser-foran

Ei av LP-platene eg overtok etter at mor døydde var plata Alf Oftestad synger gamle leser-viser. I dag dukka eg litt ned i stoff rundt denne plata, først i samband med Alf Oftestad. Då fann eg ut at han hadde vore talar og songar på Internatmøta i Valle tre gonger.

Då eg kom til Valle i 1991, vart eg nokså fort kjent med at det hadde vore noko der som dei kalla Internatmøtene. Det var på tidleg haust, og det kunne vere svært mange deltakarar frå heile Agder. Sverre Lund fortalde om møta, men det var sårt for han at dei vart flytta til Hovden Høyfjellshotell i 1989. Situasjonen var betre for deltakarane, men velsigninga til Valle-bygda, den såg han langt etter. Det var til og med uråd å delta på møta der om ein ikkje la seg inn på hotellet, for dei hadde ikkje møtesal til fleire enn hotellet sine gjester. Sverre hadde laga ei grei oversikt over kven som var talarar på internatmøta i jubileumsskriftet Valle indremisjon 100 år.  Den vil nok etter kvart kome på Setesdalswiki.

Men det vart ein artikkel om Alf Oftestad på Setesdalswiki i dag. Det var ikkje så mykje informasjon å finne om han, men på plateomslaget stod det at plata kom ut i samband med at han hadde vore tilsett i Indremisjonsselskapet i 50 år. Etter kvart får eg sjå om kan finne meir og legge til i artikkelen.

Eg hugsar Alf Oftestad som predikant. På plateomslaget står det noko om han som songar, han kunne svært mange gamle lesar-viser og måten han spelte gitar på, var nokså særprega. Han sette foten opp på første benk på bedehuset, og så klimpre-spelte han på gitaren på sin karakteristiske måte.

Han budde heime hos oss, mor og far sette stor pris på han og å få predikantbesøk av Oftestad var av dei store hendingane då eg vaks opp. No er det kan hende ikkje så mange som hugsar han, men kan hende vil du kjenne att songen om du skulle få høyre han i Valle Radio. For vi har digitalisert plata og Siri kan bruke songane i tysdagssendingane framover når det høver slik.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *